Velg en side

Rusletur åleine i Rio, høyrest det skummelt ut? 

På førehand er vi blitt fortalt at dette ikkje er ein sikker by, og ein bør passe på. Eg har laga meg ein plan, og det er lyst ute. Knutsen for ut på jobb før nokon hadde stått opp, så dagen må nyttast åleine. 
Hadde det vore strålande sol, hadde vala vore enkle. Opp på fjellet for å sjekke Kristusstatua, Corcovado, taubane opp til Sukkertoppen, med ettermiddagskos nede ved stranda. 
Slik blir det ikkje sidan det er overskya, men temperaturen er uansett fin.

Vi har lært at det å vandre rundt «Lagoa» ikkje er farleg, her har dei vakter langs ruta.

Området er ein tursti rundt innsjøen Rodrigo de Freitas. Han ligg under Kristusstatua sine utstrakte armer. Her er det ulike aktivitetar og finne på. Tennis, rullebrett, treningsapparater og parkanlegg. Undervegs ligg det koselege cafe-restauranter. 


Eg går og går og går og går:). 

Det er spanande, for etter vegen er det mykje å ta bilete av. Eg sug inn ulike inntrykk og koser meg når eg vandrer av stad.Ein kan sjå arbeida Rio gjer for å vere klar til OL. Eg trur at her, i innsjøen skal nok Olav Tufte og co i aksjon. 

Langs ruta ser eg mange ulike fuglar, dei er ikkje særleg redde folk. 

Målet for turen er den botaniske hagen.Han skal liggje langs ruta. Så enkelt er det nok ikkje, etter ei mil finn eg ut at eg har gått forbi han, for lenge sidan. Heldigvis finn eg fine motiv som gjer at det i grunnen ikkje er så farleg.  

Etter fleire nye km. til fots klarer eg å finne denne flotte staden.


Jardim botanico er ein stor botanisk hage som vart laga etter ordre frå ein prins. Hagen er 1.4 kvadratkilometer og vart grunnlagd i 1808. 
I hagen står ei rad med palmer som vart planta då hagen fyrst blei åpna. Palmene er rundt 30 meter høge, det vil sei at dei er like høge som Kristusstatua! Den 170 meter lange rada, med 134 palmer, kan minne om den tropiske varianten av en magisk skog.


Eit anna høgdepunkt er fontena som ligg midt i . Fontena, som vart laga i England, er skapt i støpejern og omringa av «kongelige palmer» – eit namn dei fekk fordi kongefamilien hadde monopol på denne palmesorten. På fontena sitt andre og nederste nivå står skulpturar som symbolisere musikk, poesi, vitenskap og kunst.

En del av plantelivet i Amazonas’ regnskog lever i beste velgående i Jardim Botânico. Her er det mykje å sjå på. Eg går meg nesten vill, og svolten gjer at eg ikkje klarer å sjå heile parken. Eg er særs glad i fine blomar, og etter å ha sett mange flotte orkideer er eg ganske nøgd. Parken er absolutt å anbefale, men gå dit god og mett, eller ta lunsjen med. Her kan ein nyte dagen i fred og ro, og det kjennes ikkje ut som ein er i ein storby.

 

Share This