Fint å kome heim til sol.
Det er nesten som ein ikkje trur det ein ser;)
Vi fekk vel høyre at det var så varmt her heime at fleire valde ei hyggjestund i skuggen. Det klarer eg ikkje å tru på, så varmt? Det er umogleg, så varmt har vi det så og seie aldri på Karmøy. Vi skal uansett ha det vi vestlendingar, vi gler oss stort når sola tittar fram. Når gradestokken kryp mot femten grader, hiv vi klea, finn fram grillen og sleng oss lett henslengt i eit hjørne på terassen i bikini.
Klar til å nyte!
Vi kan nesten ikkje vente med å vere lettkledd. Og når ein rusler avgarde, som oftast i litt kald nordavind, nektar vi å fryse. Sommaren er komen, det er femten grader og sol!
Flott er det, når sommaren kjem for nokre dager:)
Då er det kjekt å kome heim. Heim til den friske sjølufta og heim til ein hage der blomane vil opp og syne seg. Det er i grunnen spanande kvar gong eg kjem heim. Kva blomar er det som syner seg i all si prakt no?
Sidan eg er særs glad i blomar måtte eg ta kameraet med meg ut. Her er nokre av blomane mine, eg er på vandring i eigen hage.
«Å leve er ikke nok. Solskinn, frihet og en liten blomst må man ha»
Sitat: HCAndersen.
Epletreet, det blir nok nokre eple til hausten.
Peoner, det er noko av det finaste eg veit
Friskt og grønt!
Når eg er ute og reiser er eg glad i sol og fint vér, men det er sjeldan eg leiter eller oppsøkjer sandstranda. Eg trivest like godt med svaberg og steinstrender. Det er fordi eg veit at verdas finaste strand ligg her heime. Det var leikeplassen min når eg var liten. Oppe på «Hellesklubben» hadde eg ei lita leiligheit. Her kosa vi oss på ulltepper og hadde med oss mykje anna utstyr. Mamma var hyggjeleg, tolmodig og flink, ho kom ned med både frokost,lunsj og middag. Vi starta badesesongen 1.mai, og vi bada heilt fram til september. Her kosa vi oss frå morgon til kveld.
Var véret finare før, eller var vi berre mykje tøffare?
Flottaste stranda i verda:)
Det kan godt hende ein ikkje får nyte stranda dette året, eller stige opp av sjøen slik som her, men vi er alltid klare. Vi har alltid trua på at dette året blir det flott sommarvér!
Eg skal reise til Casa Knutsen, men håper verkeleg at sommaren slår til. Det håper eg, for alle treng sol og varme før vi går inn i hauststormane. Dessutan bør dunjakkene få kvile ei lita stund. Nokon trur at alle som er på tur tregar på heile turen om véret slår til her heime. Det er tross alt finaste plassen på jord om sommaren kjem. Med det meiner eg sommar der gradestokken ligg jevnt over tjue grader og ein kan nyte fine og varme sommarkveldar. At vi då tregar og lengtar heim er ikkje sant. Tur er tur og heime er heime,og for meg er opplevingar og nye stader i høgsete. Uansett nyt sommaren om han er her eller der.
På » Sandane» finn ein fine enger med mange flotte blomar.
No er Knutsen og eg klar for nye eventyr, Vi reiser til Brasil! Knutsen skal jobbe, og eg er berre helsig som får vere med. Det blir spanande, og eg gler meg. Nytt land,nytt kontinent og som ein bonus får eg vitje minstemann og familien han bur hos.
Nos vemos!