Velg en side


Knutsen har skreve ein sang der dei syng noko som dette: «Deg er det to i. Likar både søtt og salt, kan brukast til alt».

 Slik kjenner eg meg for tida. Det er lenge sidan eg har blogga no, men det er ikkje for at eg keier meg eller at det skjer lite. Desse vekene heime på Sevland har flydd avgarde. Eg har rett og slett hatt det travelt. Då har eg ikkje hatt den tida der eg kan la tankane i hovudet flyte fritt. Merkeleg tenkjer du kanskje, ho har jo fri og skal ikkje stresse med jobb. Nettopp, eg skal ikkje på jobb, og eg har difor tid til mange andre ting og oppdrag av ymse slag. I desse vekene har eg vore husmor,vaskehjelp,kone, coach, venninne, mamma, gartner, shoppingassistent,»strikkekone» kokk, sjåfør mm. Dagane går fort. Det er nesten som om dei ikkje lenger er på 12 timar, berre  ein tre/ fire? Det er morosamt å vere til nytte, og det er fint å ha overskudd til det. Det fører meg over til det eg  eigentleg vil fortelje noko om. Det å syngje.


Blomar frå hagen.

Eg er særs glad i å syngje, og eg er glad i  mange typer musikk. Knutsen meiner at eg helst likar songar, der flotte menn syng særs vakkert og svulstig, og det er sant. Men eg likar óg mykje anna, både klassisk og meir rocka musikk. Alt til si tid tenkjer eg. Vi treng musikk til å slappe av og drøyme oss vekk, og vi treng musikk nå vi skal vere i aktivitet. Det er supert å ha musikk på øyra når pulsen skal opp.

Ein av aktivitetene eg har savna dette året, medan eg har vore rundt på «rek», er det å få syngje i kor. Syngje gjer eg ofte , men det å få syngje saman i eit kor er noko heilt anna. Når klokka nærmer seg sju tysdag kveld, kjenner eg at eg er klar for å køyre til Skudenes for å gå i koret. Det kan godt hende at eg er trøytt, men eg eg veit at når eg er på øvelse så kjem overskuddet attende. Det er ein plass der ein kjem og tenkjer berre på ein ting. Stemma og tonane ein skal syngje!  Alle andre tankar forsvinn,som hus og heim, kva ungar og mann skal/ bør gjere og andre «daglege tenkjeproblem». Her gjeld det å få til tonane/melodiane ein skal syngje. Vi har eit fellesmål, å få korsangen finast mogleg. Det er bra for både kropp og sjel. Visste du at at det å syngje er som ein aerobicaktivitet? Ein auker oksygenopptaket i blodet og trener store muskelgrupper i overkroppen sjølv når ein sit. Eller at songen har ein positiv effekt i å redusere stressnivået. Gjennom fellesskapet, tilhøyrsla og  eit felles mål kjenner ein seg viktig når ein syng i kor.Det gjer godt for psyken.

Eg leste på internettet at alle burde syngje minst fem minutt kvar dag! Så her er det berre til å setje i gong. Det er mange kor rundt om som er klar for nye medlemmer. Berre så du veit det, Skudenes blandakor øver kvar tysdag klokka halv åtte på Skudenes ungdomsskule. Til hausten, 23. september, skal vi ha konsert på Åkra. Her er det filmmusikk i høgsete, alt frå tante Pose til Eye of the Tiger. Så om du ikkje starter i koret, så kom på konsert:) 

Av og til er eg så flink at eg øver heime på pianoet, om eg har tid.




Eg er særs glad i musikaler. Her får ein verkeleg boltre seg  i ei draumeverd. Det er flott song og musikk, dramatiske historiar og stemningar som speler på heile kjensleregisteret. Eg tenkjer at det hadde vore morosamt, å få leve i ein musikal. Tenk så bra det hadde vore, no som ein veit kor viktig det er å syngje? 

Er ein trist og lei, bryt ut i song.

Er ein sinna eller frustert, syng det ut.

 Er ein forelska og kjenner sommarfuglane i magen, kva passer vel ikkje betre enn å syngje.

Eg huskar enno stemninga når eg var ung, omlag 14? Eg hadde kjærleikssorg og låg på stranda. Eg nynna»..some kow my love,now that is over..», medan tårene trilla nedover kinna. Eg veit eg kjende meg betre etterpå. 

Syng litt kvar dag, hugs no det:)

Canta, canta, canta para ser feliz:)

Share This