Det er fint å vere to:)
Ikkje det at eg ikkje trur eg klarer meg åleine, for det trur eg, sjøl om eg vel ikkje kan skryta for mykje om det. Det at eg klarer meg fint åleine, eg har jo vore gift sidan eg var 21. No nærmer eg meg faretruande halvvegs til hundre, så sjølv om eg er sikker på at eg hadde klart meg åleine og sikkert kosa meg, så har eg no levd meir enn halve livet saman med Knutsen. Det går heilt fint, stort sett, og heldigvis har vi ei stigning i forholdet.
Endeleg har óg han forstått noko, eg elskar overraskingar og merksemd!
Kven gjer vel ikkje det?
Det fine med å ha vore saman så lenge er at vi på mange områder jobbar saman som to arbeidarar på ein fabrikk. Kjedeleg kan du no tenkje, men slett ikkje, ein slepp å tenkje. Arbeidsoppgåvene er fordela, og ein treng ikkje mase eller diskutere kven som gjer kva. Vi har vel, gjennom mange år, funne ei fordeling som funke. Eg er til dømes superglad for at Knutsen tar ansvar for bilvask, for det kan eg faktisk ikkje fordra.
«Når du våkner om morgenen, Brumm,» sa Nøff etter en lang stund,»hva er det første du sier til deg selv?»
«Jo,» sa Brumm,»jeg sier mon tro hva jeg får å spise til frokost? – Hva er det første du sier ,Nøff?»
«Jeg sier: Jeg lurer på hvilke spennende ting som kommer til å hende i dag,» svarte Nøff. Brumm nikket tankefullt. «Det er omtrent det samme, «sa han.
Sitat:Ole Brumm
Frukosten i Spania er eit godt døme. Han går unna som om det heile foregår på eit samlebånd. Knutsen presser appelsiner til juice, eg koker egg og vips sit vi der og er klare til å ete, og det utan at vi treng å seie eit einaste ord. Kanskje de tykkjer det er merkeleg, at eg ikkje snakker? Tru det eller ei, men om morgonen er eg ikkje lada opp. Det tar seg derimot opp utover dagen, snakkinga.
Ein annan ting som er bra er at ein ikkje lenger hissar seg opp over dei små, irriterande uvanene som begge har. Det har vi gitt opp for lengst. Heilt klart mykje bedre og spare kreftene til dei store og viktige diskusjonane. Eg kan fint leve med glas som står både her og der, dei blir rydda til slutt,eller det er jo ikkje så mykje arbeid for meg og snappe dei med meg på vegen inn til kjøkenet heller. Eg skal ikkje vaske dei for hand, det har vi oppvaskmaskin til. Dessutan, om eg tenkjer meg godt om, så må det vere like irriterande med strikketøyet som blir plassert rundt omkring eller leppestiftene. Her syner vi storsinn. Det er inga vits i å gå rundt og frese når det er så mykje anna morosamt å gjere/ tenkje på.
Lett for deg tenkjer du kanskje?
Kan hende det, eg har det vel ganske bra akkurat no. Trygg på meg sjølv, fordi eg er godt vaksen, og trygg på husbonden. Ungane er vaksne, så eg slepp og mase på dei, og eg har god tid til akkurat det eg har lyst til å gjere. Årsak, her må det rettast litt. Ein liten fugl har nett kviskra meg i øyra om at eg maser enno på ungane. (Skkert fordi dei treng det?)
Heilt klart mykje enklare å la vere å bli irritert då. Det forstår eg, det er mykje som skjer når vi går på jobb, har hus og ungar og anna aktivitet. Og eg veit kva eg snakker om, eg har vore sint og sur mange gonger. Det er frykteleg slitsamt i lengda, men det er ei heilt anna historie.
Poenget her er at vi to, som kjenner einannan så godt etterkvart, kan «lese eller tenkje» oss fram til stemninga oss i mellom. I sær når ein er mykje saman, og har god tid. Det har gått så langt at vi til og med tenkjer på dei same songane av og til, litt «spooky»?
Vi treng ikkje alltid snakke, og dette har ført til at vi har laga oss eit eige språk. Heilt klart, «not good,» men her er eit døme på «samtaler» vi har hatt meir enn ein gong. Du får lytte nøye:)
Es bueno para ser dos.