Eg kjenner eg står ved eit vegskilje. No er vi komen til april, og året eg har hatt permisjon er snart over. Eg må ta nokre val. Er eg klar for å byrje på jobb att, eller treng eg meir tid?
Dette året har vore fantastisk,Her har det vore mange reiser, og mange opplevingar. Det er ei sann glea å få lov til å reise rundt om i verda, og ein lærer så mykje. Eg har fått krysse av på lista mi over land eg drøymde om å få oppleve. Innimellom har vi slappa av både på Sevland og i Spania.
Knutsen og eg har fått testa ut forholdet vårt, utan ungane.
Vi er mykje saman, og då meiner eg mykje, nesten heile tida og det har gått over all forventning. Ein kan ikkje»fake» at ein trivest saman. Vi har prøvd mange ulike aktivitetar, som sykling, turgåing og golf.
Golf er heilt klart sporten vi skal dyrke når vi blir eldre og, det er ein kjekk aktivitet og gjere saman.
Til hausten kjem minstemann heim etter året i Brasil. Liten er vel han ikkje lenger, meir ein ung mann, sidan han nå blir atten. Vil han trenge mor si like mykje som før? Han har vel syna oss, og omverda, at han klarer seg supert uten «mammen» rundt seg heile tida.Trist for meg( litt), men det er godt at dei blir vaksne og klarer seg sjølv. Slik skal det vere. Eg er heldig som har tre vaksne, kjekke og flotte ungar.
Eg er i tvil om kva eg vil. Tida går så fort, og eg har faktisk ikkje keia meg eit sekund.Eg har ikkje hatt tid/ fått realisert ideene eg hadde planlagt å gjere i friåret mitt eingong;)
Eg ser at eg treng meir tid til å lære meg spansk.
Kva med malekurset eg ville ta,danse- eller kokkekurset?
Blogginga, vil eg forsetje?
Vil eg starte ein liten garnbutikk i Spania?
No må tenkje meg nøye om.
Eg elskar å vere lærar, i klasserommet saman med ungdomane. Alt det andre vi må bruke tida på er ikkje så morosamt. Gode lærarkollegarar derimot er kjekke å ha.
Om eg byrjar og jobbe på skulen att,har eg ikkje moglegheit til å reise så mykje til heimen i Spania. Då kan eg kun reise i skuleferiane. Skulle ønskje det gjekk ann å vere lærar med full friheit. At eg kunne kome og undervise , men ta fri når eg ville det. Slik er diverre ikkje livet som kommunalt ansatt. Så saken ligg vel her. Eg må ta nokre val om eg vil seie opp jobben som lærar, og prøve eit år til med «fri».
Eller fri og fri, jobbe med å finne ut av meg sjølv,og sjekke ut moglegheiter. Kva vil eg gjere med livet mitt framover? Utforske nye stiar?
¿Qué elegir?