Midt mellom Alicante og Valencia, omlag ein time frå beggje byane, ligg ein liten stad. Moraira heiter byen, og han ligg her som ei lita kvit perle. Tidlegare ein liten fiskelandsby, no ein stad for mykje kos og hyggje. Her har ein god utsikt over havet, og fine rusleturer langs kysten. Her kan ein, om ein ønskjer det, oppsøkje gode turstier innover i landet. Det er berre ein kort køyretur unna,og er ein klar for å gå i fjellet.
Nede i byen
V har, takka vere gode vener som «oppdaga» herlegheita fyrst, funne oss vårt sommerparadis. Eller sommar og sommar, vi nyttar feriehuset vårt heile året. Her har vi vore i alle feriar , haust-, jul-, vinter-, påske- og sommarferie. Her er vêret ganske så fint, og vi kan leve og nyte livet ute. Vi driv med ulike aktivitetar. Landskapet er er kupert og frodig. Her er små bukter og viker, og både små sandstrender og steinstrender for dei som ønskjer det. Vi likar oss godt, og nyt kvart minutt.
Det er mange restauranter i området, med mat frå alle verdsdeler, og ein finn små barer og pubar. Litt shopping er det og mogleg å gjere.
Utsikt frå terassen
Frå vårt boligfelt ,»San Jaime», har vi god utsikt til Calpeklippen» Ifach». Dette er Europa sitt minste naturreservat, og her kan ein og vandre opp og sjekke ut om ein ønskjer det.Omlag ti minutt unna huset ligg ein grei golfbane, kor ein kan spele eller berre setje seg ned med noko godt i glaset og nyte utsikta.
Ellers er det eit fint område om ein elskar å sykle. Dette er ein populær stad for dei proffe sykkellaga for å trene seg opp til sesongen. Her får ein både flate vegar og mange bratte bakker. Sjølv om eg ikkje alltid heilt forstår kor morosame dei bakkene er? Kult er det uansett når dei proffe sykkelgutta, frå til dømes Katusha, passerer ein i stor fart.
Uansett, her er ein så heldig at ein kan få velje kva ein vil gjere. Kan hende du berre vil liggje ved bassenget og slappe av, eller kome deg ut i aktivitet. Det er mykje ein kan finne på.
Ein tur langs kysten frå Moraira til Calpe kanskje?
Tenk å få sitje på terrassen året rundt å ete frukost?
Det er flott det. No har vi hatt huset i fleire år, og testa det ut i alle månadane av året, og vi et alltid frukost ute på terrassen. Tru det eller ei:)
Vi likar oss så godt her at vi, saman med gode vener,har investert i eit hus til, Casa Elfriede. Vi vil gjerne at andre óg skal få oppleve dette fine området.
Det ligg nokre gater nedanfor her vi bur.
Dette er ein koseleg spansk villa med tre soverom og tre bad. Det eine soverommet er noko så søtt som eit tårnværelse.
Her er kjøken og stove med spisebord. Huset ligg i eit fredssamt område, med god utsikt over sjøen.
Her kan ein nyte stillheita ved bassenget, eller sitje på terrassen og nyte livet. Terrassen ligg fint til, og ein kan sjå sola gå ned i havet.
Omlag 900 meter ned i gata finn ein supermarknaden som bugner over av godsaker. Sjølve sentrum av byen ligg omlag tre kilometer unna, men for å ete og drikke treng ein ikkje gå dit. Heile vegen ned mot sentrum vil ein finne stader med god mat og drikke.
I området kan ein sjekke ut dei ulike steinstrendene. Her finn ein alltid ein liten bar eller kafé . På desse strendene, kor det er bra og snorkle, blir det sjeldan fullt. Her møter ein spanjolane seint på ettermiddagen, eller storfamilien på piknikk i helga.
Andrago
Baladrar
Sandstranda nede i byen.
Ser det fristande ut, eller vart du litt forviten?
Då er det berre til å sjekke det ut. Casa Elfriede er til leige hos Abahana Villas;)
Nos gusta Moraira:)