Velg en side

Er no komen heim til Casa Knutsen for å feire påske. Her koser vi oss med gode vener, sol og mykje god mat.Då er det så mange aktivitetar og hendingar som skjer, heile tida, at det å skrive blogg kjem heilt i bakgrunnen. Den som trur at det er fort gjort å lage blogg, tar heilt feil. Her skal setningene lagast, og bileta finnast fram. Etter at eg fekk kamera, tar eg relativt mange bilete og det er i grunnen vanskeleg å velje kva bileta eg vil syne fram.

No har alle på veg heim til Noreg, og Knutsen og eg skal sige inn i ei rolegare tid.Vi skal hente fram kvardagen her i Spania. Det gjer at eg og får tenkje over kva eg har opplevd, og sjå på alle bileta eg har tatt. Då får eg tid til å setje meg ned  å tenkje over palmehelga. Knutsen og eg vitja Oxford.


Vi budde sentralt i High Street, på eit koseleg hotel, Old Banks. Her er bakhagen.

High street

Korleis oppsummere byen med tre ord: sjarmerande, men kaldt.

Oxford er ein gammel britisk universitetsby, og er framleis rekna for den beste staden å studera.

Han har, om eg ikkje hugsar feil, eksistert sidan år 700. I byen bur det omlag 150 000 menneske. 

Det er mange ulike universitet rundt om i Oxford, trur faktisk det er over tretti å velje mellom.

Slik er områda inne på universiteta.

Det nederste bilete er frå eit av dei eldste.

Her finn ein storslått arkitektur og tradisjonelle puber rundt kvart eit hjørne.

Å rusle rundt her kjennes som å vere med i ein inspektør Morse episode.

Blominga er komen lengre enn i Noreg, men har framleis eit stykkje å gå før alle blomane syner seg i all sin prakt. Eg tippar at det er eit yrande liv her i sommersesongen.Då kan ein kan nyte ein liten båttur på elva Themsen,ta ein runde i den botaniske hagen eller sitje ute på kaféane med ein «halfpint» i handa.


Ikkje akkurat høgsesong.

Her er inngangen til den botaniske hagen:


Vi har uansett, om vi kjende oss frosne inn til beinet , traska rundt i byen.

Her bugner det av staselige bygningar, små smug med koselege kafeer og mange ulike butikker.

Desse er kjende for:

Fant street-art her og:)


Dette markedet er under tak.

Tidlegare var dette ute i hovedgata,då var det kjøt og fiskemarkedet, og det vart fortald at då flaut det av blod og anna avfall nedover gata. No finn ein ikkje berre mat her, men mange små ulike butikkar og kaféar. Denne er kjend for dei flotte kakene.

Vi finn stadig nye stader der vi må inn å ta ein pause for å få varmen i oss.

Om du har lyst på ei skreddasydd kappe eller ein «dommarparykk», er dette staden å vitje. 

Byen har,som eg har sagt tidlegare mange universitet,og gjennom tidene har mange kjende personar studert her. Alt frå Bill Clinton, Hugh Grant til eit par av dei norske kongane. Guiden vår sa at ein av desse kongane var god på seiling.

Denne statua står høgt oppe på eit tak, og det har hendt fleire gonger at studentane har «pynta» litt på han.


Nesten alle som driv med politikk i Storbritania, har vore innom her. Og om du har høyrd at Clinton ein gong i sitt liv røyka ein joint, gjett kor? Nettopp her i byen, han tok ikkje eksamen eingong, berre kosa seg..

Vi fekk vandre rundt med ein flink guide, som synte oss universiteta til både Tolkien og Lewis Caroll. Sistnevnte skreiv blant anna Alice i eventyrland. Visste du at han jobba som mattelærer på eit av  desse universiteta?

Ein av dei mest kjende plassene i Oxford er Radcliffe square. Her ligg eit flott bibliotek, rundt til og med, samt ei kyrkje. Kyrkjer eller kapell er det mange av her, kvart universitet har si. Vi var innom eit av universiteta og vart syna rundt.Her er spisesalen og kapellet.

Oxford ligg kun ein time med tog unna London, og om ein vil kjenne pulsen på noko anna enn den travle storbyen så er Oxford super. Fantastisk for alle som er glad i arkitektur, museer, historie, natur og ikkje minst bøker. Utruleg flotte og mange bokhandlere. 

 


Her er det berre til å finne seg ein fredeleg stad og lese i veg.

 

Share This