Vips så var vi attende på Sevland. Eller vips og vips, det er heilt feil ord å bruke.Vi brukte over 30 timar og fire fly for å kome frå Australia til Noreg. Tru det eller ei, det går heilt fint.Den lengste flyturen var på 13 timar. Eg vil slå eit slag for lange flyturer, då finn ein verkeleg roen. Her er matservering, det bugner med gode filmer og ein kan leggje seg til å sove eller berre drøyme seg bort.
Ein kan vere som ein koala, dei søv og drøymer nesten heile døgnet. Når dei er vakne et dei.
Eller ein kan drøyme om å slappe av på ei slik strand.
På fly har ein verkeleg god tid til å tenkje på alt og ingenting, ein kan lese eller sjå på film. Med det utvalet av filmar ein finn her, så vil ein nesten ikkje leggje seg ein gong. Her får ein fred til å sjå nett kva ein vil, og eg treng ikkje vere einig med Knutsen eingong.
Eg er sikker på at eg grein fleire av timane vi flaug. No trur du kanskje at det var fordi eg skulle reise heim, men det var det ikkje. Eg såg fleire veldig gode filmar. Dei er på kino i desse dager, så du treng ikkje reise på lang flytur slik som meg for å sjå dei, men eg må berre reklamere.
Film 1:Den danske piken. Denne filmen er bygd på ei sann historie. Historia er frå Københamn, 1925. Målarekteparet,Einar og Gerda lev lukkeleg som bohemar. Ein dag treng Gerda hjelp. Ho oppmuntrar mannen sin til å ta på seg strømper og kjole for å sitje modell. Dette vekkjer ei side hos mannen, og han byrjar etterkvart å kle seg i dameklede. Han skjønar til slutt at han er ei kvinne, fanga i ein mannskropp. Sidan dette er frå 20-talet meiner omgivnadane at han er gal. Til slutt er det ein lege frå Tyskland som påstår at han kan oppfylle Einar sitt ønskje, gjere han til kvinne.Eddie Redmayne har hovedrolla, og han gjer ein fantastisk jobb. Det gjer og Alicia Vikander som spelar Gerda. Samspelet mellom desse to er utruleg å følgje med på. Eg vart så grepen, og tårene satt laust.
Film 2:The Suffragette. Dennen filmen handler om kvinnekampen i Storbritania i byrjinga av 1900- talet.Carey Mulligan speler Maud Watts, ei kvinne på 24 år som har jobba på same vaskeri sidan ho var 12 år gammel. Arbeidet er hardt, farlig og sjefen er motbydeleg. Ho tener mindre enn sine mannlege kollegaer, og har ikkje stemmerett. Ved eit tilfelle blir eit frø planta hos Maud som plutselig tenkjer at det kan være mogleg å skape seg eit bedre liv. Ho blir kjend med eit kvinnefelleskap, men det å vere suffragette har sin pris. Likestillingskampen set forholdet til familien i ei vanskeleg stilling. Vi følgjer den desperate kampen som kvinnene kjempar, ein kamp det er vanskelig å ikkje vere einig i. Kvinnene i filmen tyr til terrorisme, der endringane skal kome gjennom vold og frykt, det gjer det og litt problematisk. Filmen skal minne oss på kor kort tid sidan det er at halve befolkninga var utestengt fra offentligheita. Han skal minne oss på kor mange kvinner som fortsatt ikkje har den retten. Suffragette er en nødvendig, spennende og rørande film.
Desse to filmane bør alle sjå, tykkjer eg. Og om ikkje det var nok, så klarte eg å finne ein film til. Den handla om to gode vener der ho eine får kreft, ei skikkeleg «tåreperse».
Uansett, det er kjekt å sjå gode filmer, og på ein måte er det deilig å «sippe» litt når ein ser på film. Då får ein røske godt i «nase-systemet.»
Nok reklame, no er eg heime på Sevland og ser glede i dei små tinga.
Våren er på veg!
Det er lysare og lettare, og dagane er lengre, og det gjer godt for kropp og sjel.
Vårblomane sprett opp og set farge på alt det brune rundt.
Det er flott:)
Eg er innom heime på Sevland, men berre for å snu.Her kan ein ikkje seie: «borte bra, men heime best». Vi har mange nye eventyr vi skal oppleve. No les eg litt om Oxford, sidan helga skal nytas der.
Etterpå er det påske, og vi reiser til den andre heimen, Casa Knutsen i Spania. Det skal bli deilig.
Puesta del sol excepcional:)