Vi hadde lest oss opp på forhånd om at det er flotte områder vi bør sjå utanfor Melbourne. Vi melde oss derfor på ein busstur.Turen starta grytidleg og varte til langt på kveld. Vi skulle sjekke ut the Great Ocean Road. Det er ein veg på ca 24 mil som ligg langs sør- aust kysten av Australia.
Vegen vart bygd av soldater som kom heim frå fyrste verdskrig, mellom 1919 og 1932. Vegen er det lengste krigsminnesmerkje over soldater som vart drepne under krigen. The Great Ocean Road ligg i delstaten Victoria, og strekkjer seg mellom byane Torquay og Allansford. Den mest kjende attraksjonen her er dei tolv apostlane som bestod av 12 staurer av kalkstein som står opp frå sjøen. Apostlane er danna av erosjon og vil med tida forsvinne. I dag er det faktisk berre åtte att.
Ein arkitekt som har leika seg:)
Langs vegen.
På denne stranda samles folk og byggjer desse steintårna.
Vegen er flott og dramatisk. Her er god plass. Vi køyrer gjennom store landbruksområde, og små byar langs kysten. Bussjåføren kan mykje om denne ruta, og fortel stadig historier til oss. Her ser vi store og flotte sommarhus, vill natur, ulike tre og mykje meir. I fyrste lille by, byr han på svart te og ein smakebit av typisk australsk mat.
Fyrst Vegemite, som smaker som salt olje på kjeksen. Det er eit pålegg med mykje b vitamin, og det er laga av gjærekstrakt, salt, vitaminer og grønnsakekstrakt. Det skal vere sunt, men smaker spesielt.
«We are happy little Vegemites as bright as bright can be,
«We all enjoy our Vegemite for breakfast, lunch and tea,
Our mummy says we’re growing stronger every single week,
Because we love our Vegemite,
We all adore our Vegemite,
It puts a rose in every cheek.»
Det andre eg smaker på er Lamington. Det er ei søt kake, som er dyppa i sjokolade og rulla i kokos, smaka heilt OK. Det var ei morosam historie rundt denne kaka, men eg ber om årsaking, eg har regelrett gløymd historia;)
Lunsj
Ein god del av dette området er blitt til ein nasjonalpark,Port Cambell. Vi køyrer gjennom regnskogen, her er mange ulike og digre tre. I desse områda har det og herja brann, så vi får sjå brannskadde område. Det er merkeleg med desse eukalyptusplantene som overlever og sprett ut med nye skudd på svartbrende trestammer.
Det tar tid å kome fram til det som skal vere høgdepunktet, men endeleg er vi der. Vi tar helikoptertur for å få oversikten over desse staurane. Det tykte eg var morosamt. Det er eit spesielt landskap. Det er utruleg å tenkje på korleis naturen lager seg sjølv.
Vi fekk god tid til å vandre rundt i området.
På vegen tilbake til Melbourne køyrer vi gjennom andre store område med mykje jordbruk. Eg trur ikkje eg har sett så mykje kveg nokon gong, og ja dei er flinke med kjøt her i landet.
Desse store områda er det og soldater frå fyrste verdskrig ein skal takke for. Då krigen var slutt, og soldatane vende heim, var det stor arbeidsløyse. Regjeringen fann ut at dei ville hedre og takke soldatane for innsatsen med å gje dei noko land som dei kunne bu og leve på. Det var hardt arbeid, men bra for området rundt Melbourne.
Eg ser ein film på bussen, han handler om nokre små pingvinar. Det hadde vore så morosamt å sjå dei på » the pinguin Island «. Det får vi ha til gode til ein annan gong, tida blir for knapp.
Vi er trøytte og svoltne når vi endeleg kjem attende til sentrum. Vi hoppar av bussen og tek oss ein matbete i Chinatown. Så stuper vi rett i seng, ein blir trøytt av å oppleve landet » down under.»