Velg en side


Vår tur til Melbourne starta i ein liten stad ca eit kvarter frå sentrum, St. Kilda. Knutsen har jo vore sjømann i sine yngre dagar, og hadde vore her for 35 år sidan. Han hadde ei romantisk førestilling om ei fin strand og kule pubar. Knutsen hadde booka rom på eit sentralt kunsthotell, det varma mitt hjarta.

Trappa 


Det er slete og rufsete  her, men har og sin sjarm. Gamle, slitte hus ,mange kneiper og ei strand på enden av gata. Det skal vera eit eldorado for ryggsekkturistar. Eg kan forstå det. Her er billig og rustikt, og etterkvart som vi vandrer rundt ser eg heilt klart at vi er blant dei eldste. Det er om ein ikkje reknar med dei som bur her: 


Dei har nok starta som ryggsekkturister, og ifølgje Knutsen vart dei varande for lenge. Vi fekk uansett bada og sola oss ca ein halvtime, hugs at sola er farleg her i Australia.


 

Isbil;)


 

Mange kule stader og setje seg ned. 

Etterpå drar vi inn til sentrum for å kjenne på pulsen til byen. Knutsen var heldig med nytt hotell, det låg sentralt midt i byen.Byen er ein storby, men heilt anleis enn Sydney.

Vi vandrar gjennom Melbourne, i timer og dager. Vi har gått til høgre og venstre, opp og ned, langs, gjennom, skrått og alle retningar det er mogleg å gå. Vi kunne sikkert tatt trikken, han er gratis og koseleg, men Knutsen tykkjer det er keisamt. Ein opplever mykje meir når ein går. Så om eg seier vi har gått mil etter mil,så tuller eg ikkje.  

Melbourne er ein delikat by, estetisk og elegant. Den nye arkitekturen smyg seg inn med det gamle  som dei har tatt vare på sidan dei fyrste europearane kom her i 1835.



Vi trasker gjennom ulike områder. Sjarmerande Fitzroy, som er ein urban og hippiaktig bydel. Her bugner det av spesielle butikkar og mykje fin graffiti. Om ein er glad i graffiti finn ein mykje av dette i byen.Her er mange  små sidegater med flotte kunstverk , små butikkar og barer. 


I Fitzroyparken, som alle bør vitje når ein er i Melbourne, ligg Australia sitt eldste hus. Det er frå 1755, og det var foreldra til James Cook sitt. Det vart henta frå England. Eg var så heldig at eg fekk kle meg opp, men Knutsen ville ikkje vere med på det.

 


Vi vitja ein fin nyare bydel, the Docklands. Det må vere Melbourne sitt svar på Aker bryggje.Det er stadig under utbygging. Her finn  ein både filmstudio, kjøpesenter og fornøyelsespark. 


Kunst i ei sidegate;)


Queen Victoria Marked, eit stort marked der ein kan kjøpe alt mogleg ein ikkje treng.

Dette markedet har eksistert sidan 1800 talet.


Det bugner over av mat og drikke i denne byen, og sjølvsagt vitjer vi nokre av Roof topp barene, som byen er kjend for i følgje Knutsen.Her i Melbourne er dei «lausare i snippen», mykje latter og mykje drikke. Til og med røykjelova, som er ganske streng i dette landet, er meir laussluppen her.

Vi speler sjølvsagt ACDC på rommet for det passer best. Plata var på topp for 35 år sidan, men virker enno.


Nede ved elva er det mat og vin festival. Masse folk og god stemning, her ser det ut for at alle nyt livet uansett tid eller dag.Her er det mogleg å få mat frå alle verdsdeler.


Trikken skrangler seg sjarmerende forbi bygningar fra denne viktorianske tida i levbar harmoni med nye bygningar. Her er store grøntområder, nærleik  til hav og strender samt elva, Yarra River,  som strekk seg som eit sugerør gjennom byen.  Melbourne framstår som ein av verda sine grønaste byer. Byen er hovedstad i delstaten Victoria og Australias nest styrste  by med nær 4 millioner innbyggere. I februar 2010 vart byen kåra som verdas 3. beste by å bu i.


Vi har kost oss:)
Og har alle tatoveringer her? Ser sånn ut. Ikkje berre ein, men mengder.

Share This