Ein heilt anna by enn Perth.
Dette er ein storby. Sydney er den styrste og eldste byen i Australia, han vart etablert i 1788 og blei rekna som den fyrste byen i 1842. Det bur over 4 millionar innbyggjarar her.
Her er høghusa mange, trafikken stor og det er menneskje overalt. Vi bur midt i byen, og uansett kor vi snur oss er det butikkar. Eg tykkjer det er mange butikkar på gateplan, men det viser seg at det er ei heil shoppingverd både under og over bakken. Her kan ein traske gjennom svære kjøpesentra mil etter mil. Om ein skulle bli svoltne er det berre til å finne etasjene kor dei servere mat. Området må vere på størrelse med Sevland, nesten. Her kan ein velje mat frå heile verda, alt frå asiatisk til italiensk.
Raskt går det og. Vi gjekk inn på ein kinarestaurant og klarte å ete mat, samt drikke vin på ca eit kvarter. Det må vere eit paradis for dei som likar og handle. Utruleg mange fine bygningar, og kjøpesenteret, Queen Victoria, var blant dei flottaste.
Taket!
Eg tykkjer det er morosamt at mange av stadene har same namn som i London. Her er Hyde park, Oxford street, Paddington blant anna.
Vi har på oss joggeskoa, klare for å gå mil etter mil, og trasker i veg. Vi må ha med oss dei områda ein har høyrt om i Sydney.
Turen går ned til Circular Bay , til venstre ser vi Harbour bridge, til høgre operahuset.
Eg får krysse av på lista mi, Operahuset i Sydney! Det vart bygd i 1973, og arkitekten var dansk. No har eg sett det om kvelden, og eg har sett det om dagen. Vi har køyrd forbi operahuset med båt. Vi har hatt lunsj med operahuset, vi har gått rundt operahuset, og vi har vært oppå operahuset. «Lucky me.» Det einaste som mangla var forestilling, men det klarte vi ikkje å ordne .
.
Vi vel og ta oss ein båttur på sjøen. Då får vi ein god runde rundt området, og ser kva ulike stader Sydney har å syne fram.
Harbour bridge, bygd i 1932. Om ein vil kan ein vere med på ein klatretur.
Fort Denison,
Taronga Zoo,
Sharks Island
Watson Bay
Manly Wharf
The Rock, den gamle byen, ligg rett ved brua.Her er det fredeleg og koseleg stemning. Tykkjer dette bileta av ungdom som er på kino, dei ser på Harry Potter, viser stemninga . Her vandrer vi deler av the Nursery walk, sidan det fyrste hospitalet i Sydney låg her. Eg tenkjer det vil varme hjarta hennar mor.
På jakt etter fleire stader ein bør sjå, klarer alltid Knutsen å finne nokså folketomme gater. Vi var visst i eit område som skulle ordnast på. Gamle tøffe hus, men nokså slitne, The Millerspoint.
Darling Harbour er eit område kor ein kan gjere ulike aktivitetar. Her er akvarium, madame Tussaud , showbåter og mange koselige barer og restauranter.
Knutsen fekk ein ide eller veldig lyst til å gå på bowling bar. Skikkeleg rustne i armen var vi, og kan ikkje skryte av at vi var særleg gode, men morosamt var det. Her hadde dei og eigne karaokerom, om ein tykkjer det er sjølve livet.
Sjølvsagt tar vi taxi til Bondibeach. Dei lokale tykkjer nok det er andre og finare strender, men vi har høyrt om og sett denne stranda på TV. Forstår at det er morosamt å vere her om ein vil bølgjesurfe:)
Mykje fin street-art langs stranda, og det var friskt med eit bad i det indiske hav. Hadde vore morosamt og sett badevaktene i aksjon, men heldigvis skjedde det ingenting. Eg trur, etter å ha sett bølgjene og alle som surfer, at det er ein del skader her og aktive på stranda er iallefall badevaktene.
Melbourne next;)