Velg en side

Vi ligg slett ikkje på latsida, og berre for å informera så har eg knapt sola meg i det heile tatt denne veka. Det er vel like greit sidan sola er sterk og farleg. Alle dei lokale spør om ein har tatt på seg solkrem.

Vi blir henta laurdag morgon av Colin og kona, Julie. Dei vil gjerne syne oss rundt denne dagen, og har faktisk ingen andre planer enn å vise oss deler av Perth. Dei er frå området. 

Colin tykkjer det er tull å betale pengar for å sjå kenguruar sidan vi kan finne dei rundt omkring i det fri. Han tar oss med til kyrkjegarden, merkeleg? 


 

No er ikkje dette ein vanleg kyrkjegard, men ein park der dei set opp små minnesmerke over sine kjære. 

Det er ein flott park, og vi ser menneskje som sit og koser seg her. Vi rusler rundt i parken, og møter til slutt på ein heil familie med kenguruar. Desse kan ein ikkje mate, og dei hoppar bort om vi kjem for nære. Dei er flotte, og dei styrste hannane reiser seg opp og gjer seg klar til å angripe om vi ikkje oppfører oss. Det er bra at Knutsen og Øygarden får oppleva desse tøffe dyra.

Så går køyreturen vidare til Rebold Hill, det er visst nok det høgaste punktet i området. Her har ein 360 grader med utsikt, og ein ser Perth City, Fremantle og Rottnest Island blant anna.


Lunsjen skal nytast i det gamle tehuset i Cottesloe. Dette er ei flott strand i området. Vi koser oss med god mat og drikke, og eg får meg ein fin symjetur i det indiske hav.

Fremantle


Heilt klart ‘ein Siv’. Ho digger denne plassen, og skal nok snart tilbake dit. Her skal femti årsdagen feirast stort. 

Fremantle er ein av dei eldste byane i Perth – området, han har eksistert sidan 1800 talet. Her er mange fine og gamle murbygningar.

Vi er berre «speedturistar», som skal sjekke ut deler av byen og området på eit par timar. Eg kan skjøne kvifor byen er populær. Atmosfæra og stemninga på markedet. Alle dei fine og gamle husa gjer det så koseleg. Om ein verkeleg vil kjenne pulsen på denne sjarmerande staden treng ein lengre tid enn kva vi har. Vi får berre reise attende ein annan gong;)

Inne på markedet kan du finne alt mogleg ein ikkje treng, og det dufter deilig av popkorn, kaffi og krydder. Skal ein verkeleg nyte dette området, og få med seg detaljer, må ein bruke mykje meir tid her. Vi koser oss den tida vi er her, og etter ein halv time i Fremantle ser tospannet frå RTS slik ut. Reiste med Knutsen, kom heim med Crocodile Dundee . Dei påstår at hattane må vere på,for dei byrjer å bli litt tynne i håret. No vil håret reddast for det er gode vekstforhold under hatten.


Vi rusler ned til havna for å få oss ei øl på Little Creatures, stilig plass. Tidlegare var dette ein krokodillefarm, men no er det eit ølbryggjeri . Dei har behalde plassen mykje slik han var, og galleriet oppe var der ein kunne stå og sjå ned på krokodillane. Her er fin utsikt over havet og god stemning .


Sundag er vi heilt » kaka». Det er travelt å oppleva noko tolv timar til dagen. Vi hadde tenkt oss ut til Rottnest Island, men kjem oss ikkje avgarde. Øygarden har fått kink i ryggjen, og kan ikkje sykle uansett.  Dessutan har det vore full fres med dei som sym frå Cottesloe og ut til øya.Vi får ha det til gode til neste gong,når vi har betre tid til å bade og sole oss.


Musikkvideo på gang? 

Knutsen og eg rusler langs Swan river på jakt etter dei svarte svanene, men ingen i sikte. Vi tar oss eit lunsjcruise på elva. Ser framleis ingen svarte svaner, men konstanterer at det er mykje aktivitet i elva.


Her blir vi sitjande å prate med eit ektepar frå Australia. Knutsen får vite om både byggjeløyver, arbeidsløyse og andre nyttige ting?


Vi avslutter med rockekonsert på the Lucky shag. 

Bra band!


Nøgde går vi til sengs, for no går turen til Sydney.

Share This