Velg en side


Drosjesjåføren reklamerte varmt for denne parken. Her er flott utsikt over byen og Swan River. Parken er fire kvadratkm stor, og har fleire hager med lokale planter frå heile staten. Han er ein av dei styrste byparkene i verda. Her kan ein få guida turer eller rusle rundt på eiga hand. Folk samlast i skuggen,og koser seg med lunsj eller dei finn seg eit område og trene på. Det er mange områder og velje mellom, blant anna ei ruta kor ein rusler oppe i tretoppene.


Eg tek bussen opp og rusler i veg. Det er flott her, og om du verkeleg liker blomar og planter er dette staden å vere. Her er mykje å sjå. Eg finn stadig gode motiv. 

Tilfeldigvis tar eg bilete av dette bryggeriet nede ved Swan-river. Lite visste eg då at det var her vi skulle ete ein fantastisk wagibiff seinare på kvelden. Det viste seg og  at det hadde vore mykje protestar mot dette bryggeriet. Aboriginerne meinte at jorda ved elva var heilag, og at ingenting burde bli bygd her. Til slutt flytta dei bryggeriet, og heile bygninga er blitt til restaurant og bar.

Etterpå tek eg «ein Siv».

Eg finn meg ein buss som køyrer opp til Claremont. Det er ein liten stad, med eit flott shoppingområde. Eg ante vel ikkje at det tok over ein halv time med bussen. Trøysta var at bussen tok ei rute gjennom eit flott boligområde. Her var husa som små palass, og det var mykje fint å sjå etter vegen. Etter området og sjå er dette shoppingområdet dyrt og flott. Eg kjem meg no opp til Claremont quarter, og joggar lett gjennom kjøpesenteret.

Tida spring i frå meg, skal møte Knutsen og co på AOG. Nokre butikkar blir det og sidan eg er blitt anbefalt, tek eg «ein Siv» til, og jaggu meg kom eg ut med ein liten pose. Raskt ut att, for å hive meg på bussen attende til hotellet. På bussen ser eg denne jenta. Eg tykte ho var så fin i uniformen at eg lurte meg til å ta eit bilete.

Her møter eg gutta;)

 

Share This