Det er mange ting eg kan anbefale om ein reiser hit fyrste gong.Lista kan fort bli lang, sidan byen er stor og spanande på alle måtar. Ein kan velge strandliv på Sentosa, frukost med orangutanger i Singapore Zoo, rusletur i Marina Bay Garden, shopping i Ochard street, samt mykje anna. Om ein vel å ta turen, er det lurt å sjekke tilboda på førehand. Sidan vi har vore her fleire gonger før rusler vi denne gongen bort til «Singapore flyer.»Det skal vere det største pariserhjulet i verda. I utgangspunktet er eg ikkje særleg glad i høgder, men det går seint, har tette «båser» og det er morosamt å sjå byen i fugleperspektiv. Samtidig kan eg syne dykk stader.
Marina Bay Garden
Marina Bay Sand hotell, fint på toppen her.
Då har ein oversikt over Marina Bay området. Her er folk særs aktive. Dei jogger og sykler rundt og rundt i dette området. Knutsen er så klar, han vil gjerne jogge, han seier det er så deilig. Eg derimot tykkjer det å slappe av i sola er deiligare, og om eg no må trimme så vil eg heller hoppe inn blant denne gjengen som har fellestrim med instruktør.
Merlion er nasjonaldyret til Singapore. Det spruter vatn or munnen heile døgnet, og det kjem busslass på busslass med turistar som skal ta bilete her. Det er eit fabeldyr, hovudet er ei løve og kroppen er ein fisk. Singapore tyder «løveby» og fiskekroppen symboliserer at byen ein gong var ei fiskehamn.
I Singapore er det mykje fin kunst og skulpturar ein kan ta bilete av, street art, kamera går varmt. Eg tek bilete på bilete, her kan de iallefall sjå nokre av dei .
Nede på Hilton hotell har Knutsen funne ein liten, flott restaurant som heiter Iggy’s. Her er kun seks bord, og maten er som små kunstverk. Ingen suksess om ein ikkje er open for nye og spanande matretter . Er du blant dei som vil ha store tallerkener med mat som mettar, for all del ikkje gå hit. Eg er relativt oppteken av ulike smaker og estetiske matpresentasjoner, så av og til tykkjer eg det er morosamt. Her er eit lite utdrag:
Kan de sjå kva som skal etast her?
Gin and tonic.
Ei flott oppleving;)