Dottera hadde snakka varmt om eit område i Singapore vi burde vitje. Knutsen sjekker kartet, og memorere ei grei rute.Det er alltid morosamt å traske i store byar, og i følgje Knutsen skal det ikkje vere så langt unna. Det er godt og varmt, rundt tretti grader, men det skal gå fint. Etter vegen kan eg dessutan knipse bilete.
Nokre gonger får vi krysse bilvegen oppe i friluft, mens andre gonger må vi under bakken for å kome oss vidare. Her er det full action. Nokre et lunsj her nede, og andre har samla seg for å syngje saman, slik som desse:
Det er god akustikk i slike rom, og kald frisk luft.
Det er i grunnen merkeleg i dette landet, ein må ut for å få varmen i seg. Dei har det ganske kjølig inne. Det er mange ting å få med seg etter vegen, og som vanleg småjogger eg bak Knutsen. Av og til trur eg han får betaling for å vere rask.Det er vanskeleg å knipse bilete, samt halde følgje.
Desse trur eg ventar på bussen?
Når ein vandrer slik, av og til ute og av og til under bakken, er det lett å trø feil. I følgje Knutsen endar vi for langt vest? For meg, som må sjå føre meg retningar og berre veit kor vest er på Karmøy, seier det meg lite. Eg forstår vi er på feil spor og må gå ein annan veg. Framleis fint og gå, og mykje morosamt å ta bilete av. Eg hadde til dømes ikkje fått med meg desse momenta om vi hadde tatt raskaste vegen.
Bortgøymd kyrkjegard
Vi har tenkt oss til Arab street. Her skal det liggje ein kjend moské frå 1800 talet. Snålt at etter vegen, som sagt på jakt etter ein moské, går vi gjennom ei anna gate , Queenstreet, eg trur eg såg seks ulike kyrkjer i løpet av ein kilometer.
Vi går raskt forbi deler av China street
Som ein oase i ørken openberer Arabstreet seg. Det kjendes og ut som vi hadde vandra i ørkenen. Sveitten pipla or andletet, og munnen var tørr. Augene svei av solkrem. Nøgd var eg då vi fann området.
Her er små gater og små fargerike hus. Her kan ein handle stoffer i lange baner om ein ønskjer og sy. Det lukter krydder, røkelse og kebabkjøtt. Og når imamen byrjar å messe frå moskeen så kjennes det ikkje som om vi er i storbyen lenger, heller i eit arabisk land. Vi er ganske sveitte og tyrste, så det er deilig med ein liten pause.
Vi tar ei anna rute heim til hotellet, då går vi forbi Raffles hotell. Her er ein bar som alle bør vitje når ein er i til Singapore. Slik at ein kan seie» been there, done that.»
I baren skal ein bestille Singapore Sling,fyrst laga her i 1915 og drinken er nærast ein nasjonaldrikk, og peanøtter med skall. Det er kjennetegnet her, eg trur nok at Hemingway ein gong gjorde det og, han drakk og skreiv seg gjennom heile verda.
Problemet mitt er at eg i grunnen ikkje likar søte drinker, men må ein så må ein. Meir morosamt var det med peanøttene, eg er heller ikkje vant med å slenge skallet på golvet ,men det skal ein gjere her. Det ligg skall overalt, og det knaser under føtene når ein går.
No ventar eit nytt land.
Australia here I come;)