Singapore er både ein by og eit land. Her bur det litt over fem millionar,på eit område som er tre gonger Karmøy. Merkeleg nok så verkar det ikkje ut som det er så mykje folk, og det er god plass . Vi var på rusletur i ein park midt i byen, og der såg vi ikkje mange sjelene, stille og roleg var det.I denne parken finn ein vatn-resovaret. Her er óg eit gammalt fort som vart nytta under krigen.
Tunneller under bakken.
Han her møtte vi på i parken.
Vi var til og med inne på eit kunstsenter og såg ei graffiti-utstilling, med kun Knutsen og meg til stades.
Etter denne vitjinga måtte vi berre få i oss noko mat.
Parken ligg i nærleiken av Clarke Quay ,eit kult område med barer og restauranter. Her myldrar det med folk om kveldane.
Singapore er ein smeltedigel av ulike folk, områder, mat og kultur.Det er ei blanding av både Europa og Asia. og når det kjem til mat og drikke kan ein velje på øverste hylle. Det er berre til å finne ut kva mat ein vil ete. Knutsen vil alltid, og då meiner eg alltid, ha pizza til lunsj uansett kor i verda han er. Lukka for meg, som ikkje kan ete pizza, er han lett å lokke når han er svolten. Han har ikkje tolmod nok til å leite særleg lenge,så då vart det heller kinamat.
Merka bord på restauranten.
Knutsen hadde lese seg opp, kor veit eg ikkje, men ikkje langt unna dette området skulle vi finne ein bar som var kåra til ein av topp ti i verda. Sjølvsagt kunne vi ikkje dy oss, vi måtte berre innom den baren. Hongkong street 28. Vil de tru at det finnest ein super bar bak denne døra her?
Gode drinkar og god mat. Vi var vel blant dei eldste i lokalet, men nøgde med vitjinga var vi. Dette er ikkje ein bar ein berre dett inn på. Heldig var vi og, kun eit bord ledig. Knutsen meinte «det var ment to be.»
På vegen heim mot hotellet klarte vi å stoppe på to stader med liveband. Eit ungt band som spela poplåtar, det var flinke gutar,
og eit jazzband.
Det snåle inne på jazzstaden var ei gruppe med asiatiske ungdomar som var supergode til å danse swing. Dei såg hoppande lette og ledige ut. Alt vi klarer å få med oss?
Til og med lasershowet frå Marina Bay Sand fulgde oss på vegen heim.
Nok ein fin dag:)