Eg førebur meg!
Skal eg ta med finsko?
I morgon tidleg, så tidleg at eg ei stund lurte på å «døgne»slik som ungdomane gjer, skal vi ut på langtur. Vi reiser fyrst til Singapore i nokre dager, for så å reise til landet «down under». I Australia skal vi reise litt rundt, og plana er å vitje Perth, Sidney og Melbourne. Eg snakka med ein kjekk ung mann som tykte det var merkeleg å ta ein «ein liten tur til Kanariøyene» medan vi var i Perth, men han var nok særs nøgd med den byen han hadde jobba og budd i. Veldig hyggjeleg å få gode tips om kva ein kan finne på i Perth. Knutsen skal vere på jobb, men eg skal farte rundt og få med meg mange av dei gode tipsa eg har fått av Siv Tveit og mannen. Han, byen alså, er kjend som verda sin mest isolerte by, og er den mest solrike byen i Australia.
Ein tenkjer ofte at Australia er eit land, men det er eit stort kontinent. Flyturen mellom Perth og Sydney til dømes er på litt over fire timar. Det er mykje ein kan sjå og oppleve i dette store landet. Eg gler meg til flotte strender, store og kule byar, kengeruar, aboriginarar, museér, parker, «Crocodile Dundee?», og eg må sjå operahuset i Sydney når eg fyrst er komen over. Har óg eit sterkt ynske om å få sjå ei forestilling der, så vi får sjå om Knutsen, han som er så kjekk og grei, kan fikse det til kona si.
Eg gler meg!
Desse bileta er frå Singapore, tatt i 2014.
Her er utsikten frå hotellet vi skal bu på.
Det skal bli så morosamt å få oppleve Australia. Singapore har eg vore nokre gonger før, og det er ein flott by og land. Faktisk klarte vi å vitje dottera vår to gonger då ho studerte her. Knutsen tykte det var morosamt at eg vitja ho meir i Singapore enn då ho budde og studerte i Bergen. Det seier seg sjølv at det er meir morosamt å reise til Singapore enn Bergen, dessutan må ein hive seg med når Knutsen skal på jobb. Ja, han skal faktisk på jobb denne gongen óg. Medan eg berre skal vere med fordi eg er særs glad i å reise, og fordi det heilt klart er mykje kjekkare for Knutsen når kona er med:)
Så no går kjolar og toppar opp i og ut av kofferten. Det er så vanskeleg å vite kva ein skal ha med seg på ein slik tur. Det er håplaust å ha klede for tre veker med seg, så her gjeld det å finne klede ein trivast med. Å finne sommarklede i skapet, i byrjinga av februar, er heller ikkje alltid like lett. Mange av dei lette kleda ligg dessutan nede i casa Knutsen, Spania. Eg tenkte at eg ikkje hadde behov for dei på Sevland. Det får bli noko shopping om eg mangler noko. Singapore er tross alt kåra til den beste shoppingstaden i verda.
Eg styrer på!
Etterkvart som eg pakker, får eg sjølvagt mange andre prosjekt å halde på med. Eg er nokså lat når det gjeld å pleie kroppen til vanleg, men no får eg det føre meg at eg må klargjere kroppen for sol og sommar. Utstyret ligg der, i skuffene på badet. Her er det berre til å starte.
- Barbering av legger, bikinilinje og under armer. ∨
- Fotpleie, sliping av hæl. ∨
- Skrubbing, det er viktig å få vekk gammel hud har eg lest. ∨
- Maske, slik at andletet blir «babymjuk». ∨
Eg er klar!
No byrjar eit nytt reise-eventyr!
Deséame buen viaje!