Velg en side

Eg skal liggje på hotell fredag, i Haugesund.Denne helga er eg så heldig at eg skal få vere med på Gullsildfeiringa. Det er Haugesundsregionen sitt svar på det nasjonale konkurransen, Gullfisken. Her blir det kåra vinnarar innan markedsføring og visuell kommunikasjon, i ulike kategoriar som annonse, radioreklame, tekst,foto og liknande.

Festen har høg glamourfaktor med stort show, god mat og drikke og nachspiel langt inn i dei små timar. Dennne gongen med Dansken og Fingern som konferansierar. Eg håpar sjølvsagt å få sjå kroppen til dansekongen, eller at vi kan får syngje med på hiten, Langt å gå.

Eg får vere med ein gjeng flotte damer, for å støtte Ginungagap i kampen om  å vinne heder og ære. Det er morosamt å få vere med. Vi tar dagen i Haugesund då, og starter opp med «bobler» og lunsj, for å gjere oss klar for noko shopping. Det er jo alltid noko vi har gløymt heime. Eg og Karianne enda opp med nattskjorter sidan vi skulle dele rom. Vi plar ikke bruke det, men ein kan jo ta  litt hensyn:)

Utsikten frå rommet.

Street art

Sidan eg ikkje jobbar tenkjer eg at turen til Haugesund skal opplevast på ein litt anna måte enn vanleg. Som oftast, når eg køyrer til Haugesund, handler eg kjapt det eg skal ha og køyrer heim igjen før det blir kø på vegane. Det er faktisk mellom ti og ett, og på den tida har eg vore i gågata samt alle handlesentra.Det er viktig å vere effektiv, for det å stå i bilkø er så frykteleg keisamt.

No har eg tenkt å vandre rundt i byen, og bruke god tid. Eg skal ta kameraet med meg og rusle avgårde på jakt etter gatekunst. Eg har lese, ein eller annan gong i eit blad på eit fly, at det skal vere ein del gatekunst i byen. Då eg annonserte det til venene mine trudde dei at eg berre tulla.I fylgje dei er det berre folk med mykje fritid, eller folk som er litt merkeleg, som finn på det?

Kva er så gatekunst?

Gatekunst er alle former for kunst ute i det offentlege rom. Det betyr at både skulpturar som står rundt i byen og grafittibilete, lovleg eller ulovleg, er gatekunst. Det blir spanande å sjå kva eg finn. Det er enklast å finne dei kunstverka ein veit kven som har satt opp, medan andre kunstverk kan vere vanskelegare å finne. Eg gler meg:).

Berre så de veit det, eg har vore på nettet og sjekka ut noko av det eg kan finne.


Klar for shopping.
 

Dette bilete heng ved hotellet, og har du ikkje høyrd om Pushwagner så sjekk han opp. Kul og flink fyr.

Denne  statua står ved eit bygg som har mimner for meg. Hugsar de leikebutikken med rulletrappene?Det kjendes ut som både jul og syttende mai når vi fekk vere med dit.No riv dei visst deler av det byggjet.

Om de nyttar parkeringshuset nord for Markedet vil det finne mange fine dyr på murveggjen.

Her er nokre av dei.

 Eg undrar på om prosjektet heiter Origami?

 Plutseleg dukka dette fine inngangsparti opp.

 

 

Dette er måla på veggen til det som tidlegare var byscenen.

Her er frå ein lang murvegg i Sørhauggata, Her har fleire kunstnarar sett sine spor.

Klar for å syngje med?

Finn du denne plakaten, har du du rusla like mykje som oss.

Dette bilete likar eg godt. Det er tatt av ein butikk kor dei har massasje. Laurdag føremiddag var nok litt annleis for eigarane. Dei hadde fått vitjing av fleire munkar som fekk seg eit godt måltid. Eksotisk i Haugesund tykkjer no eg, det er ikkje kvar dag ein treff buddistmunkar.

Oppsummering av helga sine aktivitetar:

Gullsilda var som alltid ein super fest.Vi hadde det moro, og kosa oss, og når vi får oppleva ei  slik sjamerande «nystjerne»som Carla frå Åkra var iallfall kvelden berga. Ho var oppe på scena og song Bohemian Rhapsody til oss, medan berre ho høyrde songen på øyra,fantastisk:)

Utruleg mange hyggjelege menneske å kose seg saman med. Super sambuar på rommet, som til og med fulgte meg rundt på  ein liten gåtur laurdag. Stadig på jakt etter meir gatekunst. Alt i alt ein vellykka tur.

Una vez que buen fin de semana:)

 

 

Share This