Velg en side

Eg blir kvalm, og får nesten litt «angst», av klesskåpet mitt!!

Det tyt ut med klede i alle farger og fasonger. Her ligg det ikkje i enkle rader, men doble. Det er snart ikkje mogleg å vete kva ein har. Kor kjem alle kleda frå?

Her må noko gjerast!

Ellers må Knutsen spandere eit mykje større skåp på meg, eller skal eg krevje eit «walk in closet», men då må vi pusse opp? Det veit eg ikkje om eg gidd, så eg får heller byrje og rydde. Eg starter med friskt mot. Alt endar på golvet og sorteringa er i gong. Eg starter med strikkekleda. Kan vel likegodt bestemme meg for at eg ikkje treng å strikke til meg sjølv på ei stund? Eg klarer ikkje å bruka strikkekleda eg allereie har.

Rydding var det, eg må halda fram. Her må eg vere streng mot meg sjølv. Klede eg ikkje har bruka på ei stund skal ryddast ut om det er aldri så fint.Det er betre at andre får arve det. Noko kan dottera få, andre ting skal eg gje til Fretex.

Noko av det verste med det fulle klesskåpet, må vere at eg tykkjer ikkje eg går så ofte på handel heller. Likevel hopar det seg opp. Så eg må nok revurdera mi eiga oppfatning. Det at eg trur at eg ikkje handler så mykje må vere heilt feil, fordi mengder med klede ligg faktisk i skåpet.

«Speedshopparen» i meg har nok vore litt heftig. På alle reisene eg har hatt det siste året, har eg klart å få nokre poser heim. Det er fort gjort, for det er mange butikkar og mykje fint å finne i store byar. Mykje tid i butikkane har eg iallefall ikkje brukt, for eg veit at eg har gått rundt og studera byane, samt kosa meg med god mat og drikke.

Ei stund lurar eg på om eg skulle opne garasjesalg. Kleda har eg brukt nokre gonger, men det er lite som er slitt eller oppbrukt.Eg kvittar meg fort med den tanken, det går under «meir-arbeid». Det er enklare og halde seg til plana, noko til dottera og resten til Fretex.

Mange av kleda eg finn er heller ikkje «nye,nye.» Dei er kjøp som er handla ein eller annan gong, på ei eller anna reise. Det tar tid med ryddinga då. Eg byrjar mimre over kor eg var akkurat når det plagget vart kjøpt. Eg er veldig heldig som får lov til å farte så mykje rundt omkring.Vi har hatt mange flotte turar. Det gjer at nokre av kleda går attende i skåpet, på den øvste hylla der kleda som kan kome til nytte ein eller annan gong i framtida ligg. 

Her finn eg mykje forskjellig.

Kva med denne semska skinnjakka? Ho vart kjøpt på Mallorca i 1994. Hugsar at eg tykte ho var i overkant dyr, måtte faktisk tenkje på det før eg kjøpte ho. Det gjer eg visst ikkje lenger, tenkjer nøye over om eg verkeleg vil ha kleda eller treng dei.Strengt sagt,eg treng vel ingenting.Det er heller det at det stadig kjem nye og flotte klede i utstillingsvindauga.


T- skjorte kjøpt i Italia. Det er mange år sidan no. Eg var særs nøgd med logoen.

Håndsydd silkedrakt frå India 2009, kva tid brukar ein eit antrekk som dette?


Ulljakke frå Frankrike, kjøpt  for ca ti år sidan. Eigentleg eit sett, har ein svart kjole som skal vere under. Altfor dyrt og altfor fint til å gje vekk. Plutseleg ein dag vil eg bruke akkurat det settet.

Lekre sko frå Italia, kjøpt i ein liten by ved Gardasjøen.

Flott tur hadde vi. Vi køyrde frå Noreg, og undervegs fekk vi vitje mange fine stader. Den gongen gjekk vi óg Cinque Terre.


Og til slutt denne «sexy» T-skjorta frå Spania. Eg kjende meg som stjerne då eg bruka ho.Vil du at folk  skal leggje merke til deg, skaff deg ei slik t- skjorte
. Då får du mykje merksemd. Merkeleg nok er ikkje Knutsen særleg opptatt av at eg skal bruke ho:)


Korleis gjekk det til slutt?

Det vart klede både til dottera og Fretex, og no har eg fått så bra med plass i skåpet at eg snart kan dra på handletur att:)

¿Nos gusta ropa bonita?

 

 

Share This