Velg en side



Idag er véret nettopp det. Sjølv om det ikkje er særleg utevér, er det flott å sjå naturkreftene. Ganske fasinerande å sjå bølgjene slå mot land, som her på Ferkingstad, og dette er før vinden aukar på.

Når véret er slik er det ikkje anna å gjere, enn å finne på morosame aktivitetar inne. Det er fredag og helg, og vi skal heilt klart kose oss medan stormen ule rundt hushjørna.



Det er i grunnen merkeleg. Eg har kun vore heime i fem dagar, men med ein gong eg kjem til Sevland endrar tankegangen seg. Ikkje veit eg kva som gjer det, kanskje gamle, innarbeida tankemønstre, men eg får slike «burde, burde»tankar.

Kjenner de til dei?

Det er slike tankar ein får når ein sit i sofaen og koser seg med frukosttv og strikketyet. Bør eg ikkje gjere noko fornuftig? Kva er det som er fornuftig å gjere? Bør eg vére  ei «superkvinne» som baker, vasker,rydder og trener? Er det heilt greitt å ta livet med ro, og berre gjere det eg sjølv finn på her og nå?  Kan eg berre kose meg? Det er liksom enklare å sitje på terassen i Spania med godt samvit, enn heime i sofaen. Det er som tankane lev eit anna liv der enn her, og vil andre ting enn resten av kroppen.

Det viser oss vel kor sterkt tankane våre kan styre livet vårt. Lukka for meg er at eg er sta,og står på mitt. Eg nektar å høyre etter dei. Her skal ikkje «burde-tankane» ta øvehand. Eg skal gjere nett kva eg vil:)

Har forresten hatt ei fin veke. Tida og dagane flyg avgarde på Sevland óg. Ein har ikkje før stått opp, så er det jammen på tide å lage middag og mørkret kjem sigande.

Tysdag var eg så heldig at eg fekk ha dansekurs på Skudenes ungdomsskole, i seks timar, på alle trinn. For ein fantastisk gjeng. Innsatsviljen og stemninga var på topp, og eg håpa at alle fekk brukt nokre av trinna på nyttårsballet. Eg var vel litt betenkt med tanke på formen, men forutan noko «hoftedysleksi» i kveldinga, så gjekk det forbausande fint. Tydeleg at all aktivitet med Knutsen i Spania har gjort noko med kroppen.

Når vi snakker om kropp, så vil eg slå eit slag for å bli blodgjevar. Det er eg ,og eg tykkjer mange fleire burde bli det. Det er ein fin ting for det er mange som treng blod. For meg er det ein vinn – vinn situasjon. Eg kan kallast jernkvinna. No trur dykk kanskje det er fordi eg driv  med mange ulike aktivitetar og reiser hit og dit. Det er nokre som blir trøytt berre av å høyre om det, men det er ikkje det eg siktar til. Eg er blant dei som har altfor mykje jern  i kroppen, og det er ikkje bra. Då må kroppen jobbe intenst med å kvitte seg med alt jernet, slik at ein ikkje «ruster innnvendig». Fjollete fortalt, men delvis sant. Behandlingsforma er å tappe blod, så her slår eg to floger i ein smekk. Bra for meg, og bra for andre som nyttar blodet. Dessutan er det hyggjeleg med gåva ein får:)


Ellers driv eg og kvittar meg med garn. Det hopar seg fort opp med mengder av garnnyster i skåpet, og av og til må ein prøve å kvitte seg med det. Så her strikkes det sokker og tøfler. Satse på at nokon vil ha, ellers er det nok av basarer ein kan donere dei til.  Har og strikka ein Mariusbody som skal vere ei gåve til ein liten gut i Singapore. Kjekt å kome med noko norsk design.



Sjarmen med tarmen, boka skal både være lærerikt og morosamt. Satse på at eg skal djupdukke ned i dennne boka i løpet av helga, og gløyme tid og stad.

Ha ei fin helg, Knutsen og eg skal verkeleg boltre oss i sjømat. Her blir det både blåskjel, reker og gratinert snøkrabbe. Kan hende vi til og med slår ut håret med nokre bobler i glaset. Høyres ikkje det godt ut? Eg gler meg:)

¡Qué tenga un buen fin de samana

Share This