Tenk no er det på tide å vende nasen mot nord att. Rett nok ikkje heim med ein gong, vi tar helga i København. Det gjeld å få ein mjuk overgang tenkjer vi. Her skal vi møte gode vener og berre kose oss.
Vi har vore i København fleire gonger, på dei fleste årstider,og er veldig glad i byen. Dette er ein by som inneheld alt vi likar. Det er fin stemning, god mat, mange ulike handlegater og mykje å finne på både ute og inne. Ingen planer har vi denne gong, så her er det berre til å ta ting som det faller seg.
Kaldt var det å kome til Danmark, vi frys både på fingrar og tær.Likevel vil eg prøve å drikke kaffien ute, det er jo det eg tykkjer er koseleg. Det går ikkje mange minuttane før eg mistar kjensla i beina.
Eit tak eg fann då vi rusla i veg.
Ser de Knutsen langt der framme?
Det er berre ein ting å gjere, vi må ut på handling.Vi trasker i veg, gate opp og gate ned. Inn og ut av ulike butikkar. Knutsen reiste frå Spania med så og seie ingenting i kofferten sin. Eg såg kun ei skjorte, eit par underbukser og nokre posar med peanøtter.Så om han vil /skal kle seg varmere eller opp, må vi berre få eit eller anna i posane. Vi jobbar oss gjennom handlegatene, og nokre gonger går vi berre inn for å få varmen i oss. Då rusler vi rundt med eit tomt blikk. Det betyr mest at vi må ha ein pause, og det kan vi skjøne mange gonger. Pausar kan det blir mange av. Knutsen og eg er ikkje blant dei som handler i timevis. Nei, her skal det skje fort, slik at vi kan nyte.
Alle dei gode pausane med noko godt i glaset og den gode samtalen:)
Pausane blir alltid dei kjekkaste,og det er mange fine stader vi kan setje oss ned.
Her i ein kjellar.
I nærleiken av hotellet finn vi eit stilig bygg, det ser ut som ein ventehall. Det har det visstnok og vore. No openberer det seg som eit bygg med både jazzklubb, bar og fine restauranter. Han som eig herlegheita har jobba på Noma, og i andre etasje ligg det ein restaurant med ei stjerne i Michelin. Han skal vere blant topp tre i København. Vår kveld endar på restauranten Almanak. Fantastisk god mat og hyggjeleg personale.
Supergodt, her er Knutsen sin middag, fasanbryst.
Om ein ynskjer seg noko til kaffien.
Dagen etter er det like kaldt, men gå tur det vil vi.Sola skin,og noko kultur frå København må vi ha;)
Det er jo noko av det fine med slike store byar. Ein kan rusle rundt og stadig finne nye fine motiv og stader. Nokre gonger har vi sett det før, andre ganger endar vi i nye parker og gater. Her kan ein finne flotte statuer, bygningar eller kjenne tempen på at byen pulserer.
Her er nok eit spor etter moro frå kvelden før. Det sto berre der, klar til å bli tatt bilete av.
Nyhavn
Stoppestader er det mange av, om ein framleis vil kjenne julestemning.
Ny pause, inn på «Mc Joy`s , scottish pub.»
Amalienborg slott, og dronninga var heime.
Giv akt!
Sjekk busken,forma som ei krone, kafeen ligg nær slottet.
Operaen, ein dag vil eg gjerne inn:)
Heilt fram til havfrua trasker vi i veg. Knutsen fann ut at det var lenge sidan han hadde sett ho.
Kjenner de til historia?
Statua er inspirert av H.C.Andersen sitt eventyr om havfrua som vart forelska i en prins. Ho redda prinsen då skipet han kom med forlisa. Kvar dag sym ho opp på steinen for å sjå etter han.
Det var ein bryggar, Carl Jakobsen, som lika så godt det eventyret at han fekk laga statua.Kona hans var modell. Han gav statua til byen i 1913.
Masse turistar på tur ein vanleg dag i januar
Så kjem venene, og lunsjane blir stadig lengre og vi kosar oss, heile tida! Det er mykje «lått og løye.»I København kan vi finne både superflotte, lyse og «fjonge» stader, samt små «mørkebrune kneiper».
Cafe Malmø var ei morosam oppleving. Opningstida er frå fem om ettermiddagen til fem om natta. Billig og god drikke, og fritt fram for å røyke inne. Ikkje nødvende, men i desse dager blir det nesten eksotisk. Ulempen blir at til og med underbuksa stinkar røyk;)
Vi kosa oss, var høge på livet, og fekk syngje med på gamle slagere av Kenny Rodgers.
Utgangen til Cafe Malmø
Sundag morgon, trolsk stemning.
Det merkelegaste bilete fekk eg tatt på sundagen,etter ein vandretur i skodda, før vi skulle ta flyet heim til Karmøy. Tenk å ha eit jordmorkontor på gateplan, med store vindauge? Ein kunne sjå rett på senga der ein skulle undersøkjast,og utstillinga i vindauge var blant anna dette her.
Er det mogleg?
Ja, tydlegvis i store byar.
Muy frío, pero muy divertido.