Når eg sit her og nyt sola , på ein liten kafé ved havna, kjem eg på at eg har fortald lite om sjølve Moraira. Eg har snakka om mange andre byar, ulike treningsturar over fjell og ned i dalen, flotte strender samt gode plasser ein kan ete, men eg har gløymd å gi dykk eit bilete av sentrum.
Det ligg tre kilometer unna, og det tar ca 25 minutt å gå frå casa Knutsen ned til Moraira. Om ein berre vil ete eller drikke er det ikkje nødvende å gå heilt dit,for barer og restauranter finn ein på begge sider nedover. Dersom ein kjenner handlesuget derimot er det koseleg å gå ned hit.
Her finn ein fleire, ikkje hysterisk mange,men butikkar med det meste ein treng trur eg. Det er og nokre veldig koselege butikkar med diverse nips for dei som er glade i det.Det er iallfall nok for meg, eg rusler som oftast rundt og er mest opptatt av pausane. På finurlig vis klarer eg likevel å få meg nokre «bolsas»(poser). Idag trur eg faktisk at Gullsild-kjolen er komen på plass.
Nok om det, kva kan eg fortelje om Moraira?
Det er ein liten by med ca 10 000 innbyggjarar, og om sommaren kan det auke til nærare 36 000.
Det var i utganspunktet ein fiskelandsby, og havna er framleis i vigør med fiskemarkedet, La Lonja.
Elles høyrer byen til kommunen Teulada,og i tillegg til turisme er dei kjende for å dyrke muscateldruer.
Her i byen er det og mange som har flytta ned frå sine eigne land, som England, Tyskland og Belgia for å nemne nokre, for å leve det gode liv i sola.Det er mange som driv innan eigedom.
Byen bugner av ulike restauranter, og for kvar sommarsesong poppar det opp nye stader. Det er mange moglegheiter om vinteren og, sjølv om ein del av restaurantene tar ferie på denne tida.
Vi har reist hit i nokre år no og det er mange,og eg meiner mange, stader eg ikkje har prøvd maten på. Knutsen meiner eg er håplaus, og noko merkeleg? Eg vil gjerne smake ny mat heile tida. Eg er ikkje så opptatt av å få noko eg veit eg likar, la oss heller prøve noko nytt på ein ny restaurant. Her gjeld det å samle på opplevingar og nye smaker. Det får ikkje hjelpe at alt ikkje er like godt. Mat får vi alltid i oss. Vi er jo i eit land som bugner over av godsaker.
Knutsen er nok ein heilt anna type, han finn seg ein favorittrett på kvar restaurant vi er på, og når ein har prøva ein fem-seks stykker ein likar kan ein berre ta den runden om og om igjen. Ja, ja det er no godt at vi framleis er litt ulike,sjølv om vi heng mykje saman, til tider heile tida. Av og til er vi som dei to gamle på reklamen, dei med brødskivene som jobbar i saman, og nærast er eitt.
Det er ein legende som fortel at byen er oppkalt etter «the Moorish princess» Ira La Mora,difor namnet Mora Ira. Om det er sant veit ein ikkje, men i følge historia ligg det beinrester etter ho under borga som ligg ved hovedstranda L’ Ampolla. Borga vart bygga på 1700 talet og skulle verne byen mot piratar.
Når ein rusler rundt og tar stadige pauser kan ein kose seg med å studere folka rundt seg. Eg har for vane at eg ikkje berre ser på menneska, men lagar ei historie rundt. Utruleg mange gode historier blir til inne i hovudet mitt:)
Idag såg eg eit eldre ektepar. Det var ekte kjærleik. Dei sat og kosa seg på kafé,og det var tydeleg at kona var dement. Ho hadde ei dokke med seg i ,og med jevne mellomrom nynna ho ein melodi medan dokka fekk dansa på bordet. Så lukka ho augene og slappa av i sola. Heile tida sat den oppmerksame ektemannen ved sida. Han klappa ho stadig på handa, og såg på henne med eit kjærleg og ømt blikk. Eg vart så rørt av å sjå på dei, evig kjærleik, ein blir audmjuk for livet. Det er ikkje tull ein gong .
Verkar eg nøgd?
Heilt klårt, eg er heldig som har moglegheit til å teste ut det som for nokon er det optimale.
Det gode liv i sola utan stress og mas;)
La buena vida en el sol.