El Portet
Inst i Moraira ligg det eit område som heiter El Portet. Dette er ein liten koseleg stad med ei fin sandstrand.Om sommaren er dette ein bra stad for å sole seg, bade og snorkle.
Her ligg det ein fin restaurant, Le Dauphin.
Restauranten ligg fantastisk til. Det er utruleg flott å sitje ute på terrassen her om sommaren og sjå sola gå ned. Her har ein fin utsikt over resten av Moraira.
Av og til er det morosamt å gå ut for å ete mat som både er fin å sjå på og som smaker godt. Det er siste laurdagen her i Spania for denne gong, og Knutsen og eg er klar for å slå ut håret med ein skikkeleg fin middag før vi skal heim til Sevland. Så no vil eg berre reklamere for restauranten og syne dykk kva vi kosa oss med.
Knutsen er klar.
Eigaren eig eit galleri her i Moraira, og han er opptatt av statuer og anna kunst.
Inngangen
Meir kunst
Det er greit med slike restauranter der ein slepp å velje noko på menyen. Her har dei «sett meny». Det betyr at dei set saman ein femrettars som dei har i to veker, og så lager dei ein ny meny til dei neste vekene. Vi får berre eit overblikk på kva vi har i vente.
Serviettringen
Vi starter med fylt kamskjell til meg og..
Laksetartar til Knutsen.
Vi forsetter med reker i chili og kvitlauk
Så kjem det ei fantastisk vaktelsuppe.
Eg trur det var høgdepunktet for min del. Fantastisk fin og mild smak.
Hovedretten er entrecôte med krema poteter og glasert lauk.
Desserten er » baileyskrem» med karamell og sjokolade.
Eg fekk sorbet;)
Til kaffen, noko mørk sjokolade. Meir som eit kunstverk i seg sjølv.
Såg ikkje dette både flott og godt ut?
Det var veldig bra, og atmosfæren på restauranten er god.
Og om de lurer på kvifor eg og Knutsen har ulik mat av og til så er det fordi eg ikkje et mat med melk og gluten. Her var dei flinke til å lage andre gode løysningar til slike som meg. Så om du er i området, vil eg anbefale deg å ta ein matbete her;)
Buena comida y Buena bebida