Ingen kan skulde oss for å vera late her i Spania. Vi har nok av opplegg.Dagane berre fyk avgårde.
Kan hende vi må opp til Xaló for å få tak i noko skikkeleg god raudvin. Det er ein liten by innover i landet, ca tjue minutt frå Moraira. Her har Knutsen funne seg ei venninne. Det er ein sjarmerande Bodega, med gode priser, her er både kafé og utsal.Ein kan vel undre på om det er eit godt eller dårleg teikn at Knutsen blir helsa med førenamnet, hola Freddy?
Her fann eg nokre andre spanande produkt som bør prøvast. Har du smaka øl som er laga med saltvatn eller øl laga på frukta Nespera? Om du no lurer på frukta så har vi faktisk eit slikt tre i hagen. Det gir frukt rundt april/mai, og ho er søt og god. Treet er japansk mispel, og frukta er lita og gul som ei plomme.
Veldig god vin
Spanande øl.
Økologisk olje
Etterpå må vi ha lunsj, og det er jo eit prosjekt i seg sjølv.Her er det mange restauranter, og når vi endeleg bestemmer oss er det ikkje sikkert at han er open. Det er på denne tida av året at spanske restauranter tar ferie, så ein god del er stengd. Eit luksusproblem er det vel uansett, om ein tenkjer seg godt om.
På vegen ser eg eit spanande skilt, det må vi berre sjekke. Det er eit galleri,og vi får sjå oss om i verkstaden til kunstnaren.
Neste prosjekt blir golftrening. Knutsen seier vi må på «driving rangen» og øve. Han håper stadig at vi skal sjå lyset. Plutseleg slår vi heilt fantastiske baller med alle køllene vi har. Han påstår til og med at vi blir betre med øving 🙂
Vi køyrer mot Havea. Her ligg ein fin golfbane. Vi har ikkje spela her enda, for her må ein vere medlem. Ein må og ha eit handicap som er mindre enn kva vi har.
Klar;)
Det er fint å øve her da, og jaggu meg så smila eg etterpå. Eg er blitt venn med «driveren».
Dette er eit fint område. Her er både karper, skilpadder og ein koseleg kafé.
Kaffipause denne gong.
Så er det på farten att. Vi må sjekke korleis det går med mandeltreblominga. Eg har så lyst å sjå når dei blømer, og håper at eg skal sjå mange tre med dei fine kvite eller rosa blomane. Det får ikkje hjelpe at spanjolane helst vil at det skal skje seinare . Eg vil gjerne ta bilete av det før vi set nasen mot Noreg. Dei er på veg til å blomstre, fleire finn vi med blomar på.
Då er det visst blitt kveld, og vi fer heim for å nyte kvelden. Eg kan strikke, lese, male eller berre fundere over livet. Kanskje tar vi oss eit varmt bad under stjernehimmelen .
I morgon kjem ein ny dag. Kan hende eg skal sykle, rusle, spele golf eller satse på sol som gjer at ein kan flate ut med ei god bok på terrassen.
Me gusta el sol y leer un buen libro.