Velg en side

Laurdag 09.01Ut på tur,aldri sur.
Her gjeld det framleis å oppleve Madrid. Vi starta dagen med noko shopping. Madrid har mykje å by på. Eg trur sjeldan eg har sett så mange handlegater og mykje folk, det bugner nesten over. Her kan ein finne både billig og dyrt, sikkert alt ein ønskjer seg. Her er noko for ein kvar smak.


Knutsen var klar til å leite opp trommebutikk,samt få seg nokre effekter til fotballkampen. Vi traska i veg, både oppover, nedover og bortetter. Slike trommebutikkar ligg liksom aldri i hovedgatene. Vi fekk traska ein del gater, mange sjølvsagt utan butikkar i det heile tatt for dei gatene er Knutsen god til å finne, og undervegs fekk vi pulsen på storbyen.

Laurdag, mykje folk og mange kule fotomotiv som alltid.

Når vi endeleg fann trommesjappa var ho stengd, men Knutsen mista ikkje motet av den grunn. Av gårde for å leite opp butikken til Real Madrid, vi må vere klar til kvelden.

Framleis nøgd, sjølv utan trommeutstyr.

Det er igrunnen synd at vi ikkje er av dei «hattafolkjå».

Dette bilete hadde fortent lyd;)

Etterpå ville vi sjekke ut parken i byen, Buen Retiro Park. Dette er den styrste parken i Madrid, arealet er 1.4 kvadratkilometer. Tidlegare var parken eigd av det spanske kongehuset, men vart ein offentleg park seint på 1900- talet. Det er ein flott park, her er statuer, kafeer, flotte blomar og ein fredeleg innsjø. Parken ligg ved » Plazade la Independencia.»


Litt av parken

 

Flotte farger i januar

Ro, ro, ro din båt..


Mange ulike jobbar, må vere strevsomt å sitje slik ein heil dag, eller slik:

Det var med stor spenning vi satte oss i taxien som skulle ta oss opp til Santiago Bernabéu.Vi skulle på kamp, og sjølvsagt hadde vi lest oss litt opp. Vi veit at laget er under stort press, dei ligg berre på tredjeplass i ligaen, og det er dårleg? Trenaren fekk sparken,og no er det knytta stor spenning til Zidane, den nye trenaren,sin debut. Han kan ikkje skuffe heimepublikummet.



Etter å ha lest tabellen forstår eg frustrasjonen til laget. Ein ting er at Barcelona ligg på topp, men laget som ligg på andre er det rivaliserende bylaget Atletico Madrid. Då kan ein forstå presset. 


Her skal vi kose oss;)

Tidlegare på dagen hadde vi vore i byen og fått oss luer, sjølvsagt er vi store fan. Eg må vel innrømma at eg er helst opptatt av Ronaldo, han er jo så flott. Dessutan er han ein av dei spelarane eg kan namnet på.

Han var vel ikkje heilt på topp i denne kampen, etter eit par stang ut var han som ein furten guttunge, men stjerne er han. Han er involvert i det meste når dei nærmer seg motstandaren sitt mål. Mannen som var best denne kampen var nok Bale med tre mål, og ja eg veit han har spela på Tottenham tidlegare.

Det er ei oppleving å vere på ein slik stor stadion, Santiago Bernabéu rommer ca 80 000. Eg trur at eg har ein tradisjon for det nå,å sjå fotballkamper i Spania. Eg har iallefall sett kamper i dei tre styrste byane, Messi i Barcelona, kamp i Valencia mot Real Madrid og no Ronaldo og Real Madrid på heimebane. Stas:)

Og korleis enda kampen?

Fem null til Real Madrid og draumestart for Zinedine Zidane, iallefall i følgje VG .

🎤🎤 Hala Madrid y Nada Más 🎤🎤
Vi hadde ein underholdende kamp og etterpå gjekk vi ut og fekk oss noko mat. Her er det vanleg å ete seint på kvelden. Ofte avsluttar dei med ei frityrstekt kake som dei dypper i sjokolade, sunt?

Mette av både mat og opplevingar stupa vi til sengs, kva vil morgendagen bringe?

Share This