Velg en side

Dia de los Reyes.
Eg er så heldig. Eg får lov til å feire spansk jul to gonger. Både den vi kjenner i desember og heilage tre konger-dagen som er den dagen då mange spanjolane gir gåver. Rundt om pyntar folk husa sine, nokre med julenissen og andre med kongane.

 5.Januar om ettermiddagen startar feiringa med eit stort opptog.

Dei spelar uteteater, » the Epiphany of the Magi.» Det er ei forteljing om når dei tre heilage kongane vitjar Jesubornet i stallen. Det starter nede på stranda L’Ampolla. Mange menneske er komen for å få med seg feiringa. Vêret er fint, og eg ruslar spent ned til stranda for å få med meg hendinga. Endeleg skal eg få med meg denne spanske tradisjonen naboen har snakka så mykje om.

Folk er klare

Settinga er klar, og skodespelarane er på plass.


Her er Josef og Maria på veg til Betlehem.

Dei heilage tre kongane kom frå Østen for å hylle Jesusbornet. Dei representerte framande folkeslag og kanskje og visdomen.Dei kom med gåver, og her i Spania kjem dei med gåver til borna.

Når opptoget med kongane kjem er det mykje lyd. Dei har eit stort tromme- orkester og etterkvart blir og eit korps til med i opptoget. Nede på stranda blir kongane tatt i mot av kommunen sine folk, og dei får applaus frå publikum.


Etter å ha vore på stranda forset turen gjennom gatene i byen. Undervegs kastar dei mengder av konfetti og drops ut til folket. Ungane har kremmerhus der dei samler opp alle dropsa dei klarer å få tak i.

Eg las på nettet at i middelalderen byrja ein å avbilde kongane som ulike personar, ein kvit, ein raudleg og ein svart. Her ser ein korleis kongane var i Moraira, flotte.
Kasper

Melkior

Baltasar 


Etter å ha ridd rundt i byen,og kasta drops til folket, endar dei ved kyrkja. Her gir dei gåvene sine til Jesusbornet.

Etterpå set dei her og deler ut gåver.

6.januar går eg på «the Holy Mass». Her kjem og kongane.

Litt vanskeleg å få med seg det presten snakker om, spansken er ikkje så god, men eg veit at teksten er henta frå Matteus 2, 1-18.Han snakker om viktigheita for at kongane kom og stadfesta at Jesus var Frelsaren.

Songane kan eg iallefall, så eg syng i veg både på engelsk og norsk.

Her kom Glade jul, Å kom no med lovsang og Glory, glory, halleluja.


Utstilling i kyrkja,

Etter gudstenesta fekk eg på kjøpet ein minikonsert med eit kor. «Cor the Senita,» song tradisjonelle songar frå Spania. Ein fin konsert, men dei var langt frå så gode som Skudenes blandakor:)


Så koser ein seg med tradisjonell kake

Roscon de Reyes er ei kake som er typisk for den 6. januar. Ho kjem alltid som ei kongekrone, og inni er det baka inn ein kongefigur og ei bønne. Den som får kongen blir dagens konge, medan den som får bønna, må betale for kaka.

Fue un dia emocionante.

Share This