Velg en side

No må vi ut på tur,seier Knutsen. Sikkert inspirert av dei aktive skigåarane i Tour de ski.No har vi tenkt på å utforske fjella i fleire år, det er på tide å gjere noko med det.

Vêret kan eg ikkje skulde på, dessutan er det alltid like morosamt å sjekke ut nye stader, så eg blir raskt klar for eit nytt eventyr .

 

Vi køyrer ein liten tur innover i landet.
Her finn vi Sierra Bernia.
I vakker kontrast frå det asurblå Middelhavet, reiser fjellkjeda seg. Dei fleste i dette området har sett fjella frå terassen sin, iallefall om dei bur i området Albir-Moraira.

Her oppe er det mange turstiar, og utsikta er flott i alle retningar . Fjellet ruver 1129 meter over havet på det høgaste punktet .

Vi parkerer bilen ved ein restaurant , det luktar deilig grillmat. Restauranten er full av gjester som allereie har gått fjellturen sin. I helgene ser det ut for at mange tek ein tur opp i fjella,etterfulgt av ein god middag.

Det var blitt langt på dag så ein skikkeleg langtur hadde vi ikkje tid til, men vi valde å gå opp til Fort de Bernia. Det stammer attende til 1562 og vart bygd av Phillip den andre for å unngå angrep frå piratane.

Festninga levde aldri heilt opp til sine forventningar, og ho vart delvis reven ned 50 år seinare slik at piratane ikkje skulle nytte ho.

Ofte, når Knutsen og eg er på tur, ser det slik ut. Knutsen foran og eg pesande bak.Årsaka er ikkje alltid forma, sjølv om eg veit at Knutsen nok er i betre form enn meg, men det er så mykje flott å ta bilete av. Her ser ein både vintrær, mandeltre og anna fine blomar.

Vinranker 

Mandeltrea har byrja blomstre.

Flott farge

Utsikta er flott. Eg ser Moraira langt der nede, små fjellbyar ein annan veg og når vi kjem over halve fjellet ser vi Albir og Altea blant mykje meir. Skikkeleg flott.

Turen er bratt nokre stader, og for meg som har noko høgdeskrekk gjeld det å fokusere på stien. Eg blir svimmel av å sjå ned.

Moraira

Jalóndalen


Litt skummelt.

Ganske bratt.

Over fjellet ser vi Altea og Albir, fantastisk utsikt. Knutsen meiner at vi nesten kunne sett til Torrevieja om det hadde vore strålande klårt vêr .

Altea

 

Etter turen køyrer vi nedover mot Jalón. Her ser vi mange etestader og vi køyrer forbi  denne koselege restauranten som vi gjerne vil teste seinare.(Vi måtte bestille på førehand om vi ønska ete:))



 Kan hende at vi og ein dag finn ut at vi vil ta ein eseltur medan vi syng på Slogmåkesangen: Donkey riding. Det var i allefall den songen vi nynna på etter at vi fann dette skiltet.

Friske i kinna og glade for nye opplevingar flate vi ut på benken heime i casa Knutsen. Vi har nok tenkt å traske fleire turar i dette området.

Ir de excursión en las montañas, emocionante y maravilloso.

Share This