Nyttår i Spania er kjend som «Nochevieja» , og er ei feiring som varer til langt på natt. Vi har feira her nede fleire gonger, både med mat og dans på hotell og restaurantvitjing, alltid med gode vener.
Eg veit at spanjolene ofte har store familiefestar der dei koser seg med mykje god mat og hyggje, og går ut og danser etterpå, men mange går og ut på restaurant denne kvelden. Mange restauranter har tilbod om nyttårsfeiring, her mrd fokus på god mat og partytilbehør.
Ein et, drikk, dansar og bles i fløyter. Her er mykje lyd og latter, det høyres ut som ein «hypermoderne» symfoni.
Når ein er i Spania på nyttårsaften er der særs viktig å ha 12 druer før midnatt. Dei druene skal ein ete på nedtellinga dei tolv siste sekunda før klokka slår 24.00. Dette skal bringe lukke for det kommande året. Druene representer månadane i året, så for kvar drue vil det bringe ein månad med lukke. Dette er ein lang tradisjon, og på supermarkeda sel ein posar med desse druene.Tradisjonen starta for ca 100 år sidan, i Alicante var det eit stort overskudd av druer og desse blei gitt bort til folk, og sidan har ein åte desse druene nyttårsaften.
Det er vanskeleg å ete 12 druer på 12 sekund. Ein taxisjåfør vi snakka med sa han aldri hadde klart det, og han hadde prøvd i over 50 år. Vi var einig om å gjere eit hederlig forsøk.
Korleis gjekk det?
Knutsen byrja å ete druene når han fekk posen i halv tolvtida. Dottera var visst ikkje særleg glad i druer, for eg fekk ikkje med meg at dei gjekk ned på høykant.Sonen trudde at når dei ropa 12,11,10..talde dei ned til drue-etinga, og plutseleg var det nyttår. Eg gjorde eit forsøk, men tida gjekk alt for fort:) Vi får berre satse på at 2016 likevel blir eit godt år for oss alle.
Etterpå såg vi fyrverkeriet ved borga og rusla rundt i byen. Her traff vi mange feststemte menneskje. God stemning og mykje lått og løie.
Innkjøp av lysande tilbehør 😉
Fyrste januar kosa vi oss på terrassen. Det er ei spesiell kjensle å kjenne sommarvarmen i starten av eit år. Dottera fann ut at her må ein kome seg til sjøen, ho er klar for eit nyttårsbad.
Ser de fotografen?
Ned til stranda med oss. Eg tok på meg jobben som fotograf, nokon må jo ofre seg?
Tempen kan ikkje ha vore så verst, dei låg jo der å duppa. Etterpå var dei einige om at dei kjende seg frisk, rask og levande. Eg kjende meg slik eg og, sjølv om eg berre var nedi med handa.
Med den fine starten ynskjer vi alle eit strålande 2016, og alle veit at no er vi på full fart på veg mot lysare tider.
Nytt år og nye moglegheiter;)
Tener un brillante 2016.
Whoa tons of beneficial tips.
buy custom essay online cheap essay for sale
Wow many of terrific information!
best casino games online best online roulette casino best online casino reviews