Velg en side

Ny tradisjon?
Sidan vi er i Spania gjeld det å finne aktivitetar som er morosame, og som vi ikkje plar gjere på Sevland.
Knutsen og eg fann då ut at vi skulle ta borna ut på karaokekveld.

Karaoke!

Det er ein slik aktivitet vi elskar og hatar på ein gong. Det er morosamt og litt «harry». Vi lyttar og koser oss med alle dei som syng. Faktisk både med dei som kan syngje og dei som ikkje kan syngje.Det er vel dei som ikkje kan syngje som er i fleirtal , sidan dei som er flinke til å syngje ofte har andre arenaer å opptre på.

Draumen om å vere sangstjerne ligg i kroppen hos mange, og eg er vel ein av dei. Eg elskar å syngje, og sjølv om eg veit at eg aldri blir noko stjerne, så er det like morosamt.

Det festlege er jo at her kan ein faktisk møte ektepar som er ute kun for å syngje. Dei kosar seg med litt drikke og skriv seg på til å syngje den eine slageren etter den andre, og dei er blide som solstråler.

Karaoke tyder » tomt orkester». Her høyrer ein musikken i bakgrunnen og teksten kjem rullande på skjermen. Ikkje alltid lett å følgje med, men ein må berre la det stå til.

Ungane var velvillig til planen, men kjende begge nervøsiteten kome sigane då vi nærma oss baren,spesielt sonen. Det er merkeleg igrunnen for han er jo den som syng heile dagen. Han syng i bilen, i dusjen, når han trenar og for oss til alle tider. Ofte irriterande songar vi ikkje vil høyre, men syngje det gjer han. Heile tekstar kan han og, det er ikkje lenge sidan han overraska meg med Frøken Fransen av Odd Nordstoga. Han påstår hardnakka at han ikkje likar å syne seg fram,og mikrofonen gjer det særs vanskeleg. Han bestemmer seg for å berre lytte på oss andre.

 

 

 

Før vi skal syngje er det viktig å kjenne seg god og mett, så vi starter kvelden med noko god mat og drikke, her gjeld det å bli mentalt klar for det som skal skje.

I baren er det ikkje mange folk, men allikevel god stemning. Her er alle i same båt, vi skal opp å syngje songar vi likar, vere stjerne for ein kveld?

Val av song er vanskeleg, sangboka er like tjukk som bibelen, og er songane for lyse eller for mørke for oss?

Stemninga er til å ta og kjenne på. Sjølvsagt blir eg den fyrste til å hive meg rundt. Me må få noko action her, futt og fres, eg syng meg gjennom Mustang Sally. Eg blir både solist og kordame på ein gong. No har vi starta.

Eg gler meg no, for til og med Knutsen, trommisen, har lova oss ein songopptreden. Kva passa vel betre enn I’m your handyman. Ungane jublar og skryt uhemma av faren. No byrjar dei å verta oppvarma, duett er litt mindre skummelt, opp med dei. Litt smånervøse i byrjinga, men etterkvart ser vi at dei koser seg. Til og med han som sa han ikkje lika det, lika det litt og avslutta kvelden med Buffalo soldier;)

Etterpå var vi einige om at det hadde vore ein morosam kveld, og at vi alle var nøgde med kvarandre og vår eigen innsats. Til neste gong skal vi berre lære nokre fleire songar skikkeleg godt.

Kanskje dette blir ein tradisjon hos familien Knutsen?

Ein veit aldri, men som ein avslutning på året 2015, kjempekos!

Godt nyttår frå alle oss.

Les deseamos a todos un Feliz Año Nuevo!

Share This