Vi har hatt ei flott julefeiring,og alle er nøgde.Tre nøtter til Askepott medan pinnekjøttlukta breidde seg over huset gir oss heimelaga stemning. Om ettermiddagen tok vi «spa» før vi kledde oss opp og satte oss rundt bordet. Her åt vi både mykje og lenge. Vi fekk og «FaceTime «, med omvisning av området, og julehelsning av minstemann i Brasil. Då var julekvelden berga.
Dottera lurer på om vi har gjort alle tinga ein kjenner ein bør gjere i jula? Eg er ikkje heilt sikker på kva eller kvifor, men ein oppsummering kan vi vel ta, og nokre forandringer blir det sidan vi er i eit anna land.
1.Høyrd julemusikk?
Jada «plenty», alt frå Sølvguttene til Radioresepsjonens nye julehit.
2.Baking?
Dottera har baka, det er ho flink til. Eg har ikkje, om ein ikkje rekner med sjokoladefondanten julaften.Vi fekk servert heimelaga spanske julekaker på døra, og jammen klarte svigerfar å ete opp alle saman. Vi andre vart ikkje heilt einige om vi tykte dei var gode.
3.Sett julefilmar?
Iallefall før jul. Vi har sjekka ut Love Actually, The Holiday og anna julete tv-program.På julaften fekk vi med oss det meste på NRK.
Her i Spania har vi nok svikta alle filmane på dagtid.Dei vi ligg heime på benken og ser når det er surt og kaldt vêr,og vi kun har ønskje om å traske rundt i kosedressen. Det er umogleg å sitje inne når sola skin ute.
4.Åte nøtter og masse anna snacks ?
Knutsen seier vi er dårleg på det? Trudde det var ein bra ting eg då, vi slepp å ta noko slankekur i januar. Eg har no sett sjokoladepapir rundt om i huset, så noko søtt på tanna har nokre fått i seg uansett.
Appelsin og sitron frå hagen er vel søtt nok, iallefall sunt;)
Nye juletradisjonar har vi laga oss her i Spania.
1.juledag:
Rusletur til Calpe langs kysten. Flott tur, med cavastop etter vegen. Turen er på ei lita mil, noko opp og noko ned. Svigermor ante ikkje at ho var i så god form.
2.juledag:
Romjulsgolf med borna. Prestasjonane held ikkje toppnivå, men koseleg og god trening er det uansett. Strålande sol og stort sett god stemning, sjølv om golfballane flaug i andre retningar enn det vi tenkte.
El Portet.
3.juledag:
Topptur til tårnet. Endeleg klarte vi å lokke sonen ut av rommet. Han påstår at slike gåturar ikkje har noko hensikt. Det einaste vi oppnår er å bli betre til å gå, og er no naturen så vakker? Han tykkjer vi bruker opp dagen med denne gåinga, men vi har bestemt oss, han skal gjere seg kjend i nærområdet.Energi har han i allefall, store mengder. Han hopp og sprett i veg samtidig så han syng på songar vi andre ikkje vil ha på hjernen.
Tårnet vart bygd i 1553, for å varsle folk om det kom piratar til byen.
Flott tur, og når svigerfar diske opp med middag, Jambalaya, er vi ganske nøgde.For dei som no lurer på kva Jambalaya er så er det ein kreolsk gryterett med godsaker som choritzo, kylling, reker og chili blant anna. Svigerfar var særs nøgd med å hente chilien i hagen, kortreist mat er jo alltid det beste.
Innimellom blir det tid til lesing,sjå på seriar på dataen og mykje god mat og drikke.
Bading i basseng og boblebad,kaldt og varmt, alltid like morosamt.
Så om du spør om julestemninga er på topp vil nok Knutsen svare: beste jul «ever»;)
Que lo pasa bien.
Le deseamos un Feliz Año Nuevo.