Velg en side

Hjelpe meg! Dagane fyke avgarde. Plutseleg har det gått ei veke utan blogging. Det tyder vel mest på at eg har mange ting å halde på med? Eg keiar meg iallefall ikkje!

  

No har eg prøvd meg som dekoratør og «pyntar» av bord til 70 årsdag. Svigermor hadde planer om ei storfeiring. Siste gong, seier ho. Det blei ei koseleg feiring med kjekke folk, og no er eg iallefall god til å brette doble seil. 

Så pakking til julefeiring i Spania.

Vips så var vi på flyet, og vart møtt med høg himmel. Det tykkjer eg er den styrste skilnaden frå Sevland i desse dagane. I Noreg blir det nestan ikkje lyst gjennom dagen, mens i Spania ser vi lyset.

Kjekt å kome til casa Knutsen. Mykje fint å sjå i hagen. Julestjerne treng eg ikkje kjøpe, sjekk denne busken:

Her ei anna tøff plante.

Koseleg å samle familien, og bra med gode hjelpere, les svigerfar.

Han ordner lys og anna ting som treng batteri. Her skal vi ha ei fredfull julefeiring.


Vi skal kose oss med god mat og god drikke. Dottera gler seg til at vi skal samle oss rundt bordet og spele spel, medan sonen er klar til golf. Det er duka for varierte aktivitetar.

Og Knutsen? Han koser seg,og er klar for nye eventyr.

I dag er det dagen før dagen, og Knutsen er nok klar for Gunvor Hals med programmet kvelden før kvelden. Lite aner han, at vi  berre skal kvile auga på Atle Pettersen. Heldigvis er noko stabilt ,så vi får nok med oss Grevinna og hovmesteren dette året og. Og så spreke som vi er, ingen har  «grevinneheng» enno.

Ei god jul til alle, eller som ein seier her Feliz Navidad.

Her er familien Knutsen foreviga, rett nok i 2014, alle må få vere med sjølv om minstemann har «sommarferie» i Brasil. 

Share This