Helga har bydd på mykje kos, og eg kjenner at julestemninga stig.
Fakta i landet, på juleindeks.no:
Veit ikkje om eg er der heilt endå, men eg har hatt ei flott helg.
Fredag:
Julebord med LC damer. Kjempehyggeleg og god stemning. Eg er «pensjonert» i Lc, men så heldig at eg får vere med på julebord. Dette er slik eit julebord bør vere. Masse flotte og julepynta damer samla til fest. Pinnekjøttlukta slår imot deg når ein opnar døra, og vertane byr på eit glas med noko godt i. God mat og god stemning som toppar seg når nissen kjem veltande inn terassedøra.Dette året er han komen heilt frå USA? Vanskeleg å skildre både nissen og stemninga, men lydnivået er høgt og latteren sit laust. Alle fekk fine gåver, og nøgde damer ,rusler «boblande» opplagde heim seint på kvelden. Eg klarte til og med å smette inn nokre bevingande ord, sjokk og vantru? Slik bør det vel vera når ein er eldst. Eg er til og med i den alderen at eg spør kva foreldra heiter. Kven skulle tru det?
Laurdag:
No på vinteren startar alltid laurdagane med sport på tv.Knutsen meiner at eg er hekta på ski og skiskyting meir enn mange han kjenner, og sikkert seg sjølv, men det er no noko med det. Noreg og vintersport, det går hand i hand. Passa fint å lage ei lita førjulsgåve til ein tanteunge medan eg heier på dei norske.Fort gjort i allefall når Knutsen varta opp med egg og bacon til frukost, ein får energi av det:)
Ut på dagen må eg førebu meg til kvelden. Må pyntast og fiksas litt, eg skal jo på show og date med Knutsen. Vi var fyrst i Festiviteten på forestilling med Heine Totland og Gisle Børge Styve. Eg elskar dei gutane, og dei skuffa ikkje. Det var eit musikalsk fyrverkeri, og sjølv om forestillinga ikkje var julete var det koseleg steming. Dei er så flinke, og når Heine Totland slår til med ein ballade smilar eg frå øyre til øyre.
Etterpå gjekk vi på Brovingen. Her fekk vi servert god og kortreist mat. Det fine her var at litt av julebordstemninga til resten av hotellet seig inn til oss. Det var proppa av festkledde og feststemte menneske som var på julebord. Mykje snakk, musikk, klirring og super stemning.
Vi avslutta kvelden med eit lite kveldsbesøk hjå gode vener. Huset deira osa av fin julepynt og julestemning.
Søndag:
Julekonsert, aldri ei jul utan. Tradisjonen tru for eg til Skudenes. Det er ei eiga stemning å gå til kyrkja om kvelden. Kyrkja har fint lys på seg, og véret var til og med litt «julete». Det var rundt null grader. Véret er vi relativt opptatt av her på Vestlandet. Véret set oss stemning meiner vi.
Frost og snø = julestemning.
Merkeleg igrunnen, sidan ni av ti juler inneheld regn, vind og temperatur rundt ti grader.
Litt spesielt å vere på julekonsert dette året, eg sit blant publikum.Eg pleier og glitre i rekkjene til Skudenes blandakor. Irriterande nok klarte dei seg godt utan meg, og flott var det. I tillegg fekk eg høyre mange andre flotte julesongar framført av flinke folk. Når Me3 vartar opp med flotte songar som Elvis har sunge, fekk eg tenkje litt ekstra på pappaen min. Det er gode minner å ha med i jula.
Venid, fieles todos, a Belén marchemos,
de gozo triunfantes, henchidos de amor
y al rey de los cielos contemplar podremos:
Venid, adoremos,
venid, adoremos,
venid, adoremos,
a Cristo el Señor.