Av og til er det kjedeleg å vere vaksen.
Rundt jul kjenner eg litt på det. Eg er stadig på jakt etter julekjensla og forventningane om ei strålande jul.
At eg skal kose meg og kjenne julestemninga sige inn. Så eg er stadig på leit, etter julestemninga.
Ta til dømes idag, aktivitet er pakking av julegåver.
Heimestrikka konglelue til born
Eg elskar gåver, både å gi og få.
Det tykkjer eg er lite stress, eg kjøper noko eg trur at personen vil ha. Det er ikkje alltid noko ein treng, men noko eg tykkjer er fint. Av og til likar eg å kjøpe gåver med meining, det gir ei god kjensle, å hjelpe nokon som treng det meir enn oss i Noreg.
Om eg har vore skikkeleg oppmerksam har eg høyrd kva andre ynskjer seg og kjøper det, då er eg skikkeleg nøgd.
Problemet er når eg skal få julegåver.
Eg blir så opptatt av å ikkje vite kva det er. Eg ønskjer meg overraskingar. Det er ikkje særleg lett for omgivnadane å finne på det, det skjønar eg.Dessutan har eg visst alt? Og om eg treng noko kan eg berre kjøpe det, seier dei. Så her er det berre til å fortelje kva eg ønskjer meg. Det kan vera like problematisk. I løpet av året ønskjer eg meg noko, men når dei spør kan eg ikkje kome på ein einaste ting, verken noko eg treng eller har lyst på. Eigentleg eit luksusproblem, men matt kan ein likevel bli. Byte pengar er vel ikkje det mest morosame, og det ein blir mest overraska over? Det må vel finnast gåver eg ikkje visste at eg trengte?
Knutsen meiner eg overdriv heile julegreia. I hans hovudet er det berre naturleg at vi ikkje har dei same forventningane til jula, vi er jo godt vaksne, slik er det berre. Julestemninga kan kome når ein minst aner det seier han, berre vent. Det hjelp lite, eg ønskjer meg attende til då ein sto opp kvar dag, med julestemninga i heile kroppen. Ein var full av forventning, og kunne nesten ikkje vente til julaften.
Kva juleførebuing skulle vi finne på undervegs?
Tankane går attende til jula heime hos mamma. Ho har hatt mange gode tradisjonar. Ei av dei var bruken av julepapir, det tenkte eg på då eg pakka inn gåver. No kjøper vi julepapir for ein billig penge alle stader. Slik var det ikkje før, og iallefall ikkje i min familie.Kvar julaften, når vi pakka opp gåvene, hadde vi full jobb med å ordne julepapiret. Undervegs i gåvedelinga var det ikkje berre til å rive av papiret. Nei, papiret skulle vi ta vare på, aller helst pakke opp gåvene utan å rive sund ein einaste bit. Papiret var for fint til å kaste, det skulle brukast igjen året etter. For ikkje å snakke om dei finaste banda, her måtte ein prøve å få opp knutane. Igrunn ein fin aktivitet etter å ha opna julegåvene, til og med nokre av merkelappane kunne nyttast.
Tenk og hente fram gåvepapiret frå ifjor? Fint samanbretta klar til bruk på ny.
Stemninga då, det var ho eg sakna. Redninga er på veg, eg har funne ut at eg ikkje åleine.
Det er fleire som ventar på julestemninga . Sjekk ut norskjuleindeks.no.
Hjelpa er på veg?
Eg fann eit lite dikt eg tykte passa her:
Julegaveforslag
Til din fiende – tilgivelse
Til en motstander – toleranse
Til en venn – ditt hjerte
Til en kunde – service
Til alle – nestekjærlighet
Til hvert barn – et godt eksempel
til deg selv – respekt
(Oren Arnold, am. forfatter)
Feliz Navidad.