Velg en side

Det er førjulskos og tid for tankar.

Når juleveret her heime stort sett krev klede som dette ,er det lett å setje seg ned og drøyme  om fine stader med sol og varme. Nokon tykkjer nok at det ikkje er synd på meg, som støtt  er i Spania, men dårleg vér likar eg ikkje uansett. Det kan vel alle bli litt trøytte av?


 Eg er så heldig at eg får vere med Knutsen på reise rundt omkring. Så i løpet av dei siste åra har vi fått oppleve ulike stader av verda.Det er er berre til å setje seg ned og sjå på bileta. Så lukk ein augo og drøymer seg attende til ei  paradisøy.

Slik som her. Eg ligg i eit «superstort akvarium». Utruleg flott her, og temperaturen er glimrande.Her sym ein med fiskar i alle fargar og fasongar, samt » snille» haiar og rokker.

Ifjor var vi så heldig at vi fekk vere med i bryllaup i Singapore. Flott bryllaup og ei fin oppleving, men det er ikkje det eg drøymer meg attende til. Det er ikkje det som er hovudfokuset her.

På vegen heim fann Knutsen ut at vi skulle vitje eit land der vi kunne kose oss og slappe av.

Mest på grunn av tidskilnaden?

Slik at det ikkje var så gale når vi kom heim, Singapore er tross alt sju timar føre oss.  

Valet vart Maldivene, det ligg berre fire timar foran i tidssona.

Maldivene er ei øygruppe i det Indiske hav, sørvest for India og Sri Lanka. Maldivene består av 1192 små og låge øyer fordelt på 26 atoller i retning nord-sør. Hovedstaden heiter Male. Dette er det flataste landet i verda.På øyane rundt er det berre til å velje. Eit hotel, ei øy.

Vi skulle ut til Gili Lankanfushi.

Ein kjenner at ein er på veg til paradis allereie før ein kjem til øya. Ombord på båten, som henta oss ved flyplassen, vart vi diskre bede om å ta av oss skoa.

«No shoes, no news» er deira motto.

 Her skal du nyte 100 prosent og kjenne sanda mellom tærne døgnet rundt. På øya er  det ein deilig kombinasjon av luksus, avkobling ,nydelig gourmetmat  og sanselig stillheit. Du merker nestan ikkje at det er andre gjester her.

Personalet, som kallast Mr/mrs Robinson, er klar til å yte  for deg når du måtte ønskje det. Dei er behagelige i væremåten og nesten usynleg  i nærleiken, men er alltid der like før du veit at du treng dei.

Villaen, som står på påler i vatnet, er ein flott kombinasjon av naturleg/eco, estetisk og moderne, og han inneheld absolutt alt du treng. Tema over heile øya er inspirert av romanen:



Du kan velge å få frukosten servert i villaen eller du kan sykle, på bambussykkelen til frukostsalen som ligg på stranda. Her får ein alt ein ønskjer. Du får ikkje ein finare start på dagen enn å ete ein smakfull frukost samtidig som ein nyt utsikta av havet så langt auga kan sjå. Sitje der med kaffikoppen og høyre lyden av bølgeskvulp.

 For å kome skikkeleg i «flytsona» valde vi å vere med morgen-yoga på stranda. Det var godt for både kropp og sjel. Vi var då svoltne og klar for mat, samt passe støl for massasjen seinare på dagen. Høyrest supert ut, ikkje sant?

Er det merkeleg at eg drøymer meg attende?


Fantastisk tur og fantastisk øy!
Me encanta el sol y el calor 🙂

 

 

 

 

 

Share This