Velg en side


Eg kjenner meg kreativ. No vil eg lage julekrans.

Det kan hende eg gjer det fordi eg har litt dårleg samvit på grunn av småkakene, eller så er det fordi eg ikkje baker og har god tid til andre juleaktiviteter.

Eg får bruke ovnen til og med, sidan eg tørkar appelsinene. Appelsiner høyrer jula til og det er  på denne tida appelsinene er best.

Det er viktig å dele med andre når ein gjer slike aktiviteter, så no får de og oppskrifta til «herlegheita».

Her er ca det du treng:

For å få tak i  heil stjerneanis måtte eg faktisk køyre heilt til Kopervik.

Vi bruker visst ikkje det på Åkra?

Korleis gå fram?

Skjær appelsinene i tynne skiver og dypp dei i sukkerlake. Sukkerlake lager ein av lik stor mengde av sukker og vann, kok det i ei gryte. Tørk av appelsinskivene og legg dei på eit  bakepapir. Tørk dei i ovnen, ca 70 grader. Det tar mange timar, så pass på at du ikkje har andre avtaler den dagen. Dette  passer best å gjere når du berre vil kose deg heime. Har du andre hobbiar, kos deg med det mens du ventar.

Eg fekk gjort ferdig nokre strikk.

 

Når appelsinene er tørka tar du ståltråd rundt stjerneanis, kanel og ei appelsinskive og fester det til kransen du vil ha. Du kan bruke grønn krans om du ønskjer det, men eg valde ein rustikk krans som ein kan ha fleire år. Eg tok band rundt kransen først.


Det er viktig,for julestemninga,å ta på seg juleskjorta og setje julemusikk på full guffe.

Syng gjerne med:)


Lukke til.
Que tengas un buen dia.

Share This