Velg en side

Etter å ha vore i London er eg blitt inspirert.

Det er blitt desember, og huset må pyntast til jul. Advendtstida er byrja.

Her gjeld det å finne ut kva pynt ein vil starte med. Etter mange år er det mykje pynt å velje mellom på loftet. Det er øskje på øskje, og kvart år trur eg at i fjor pakka eg det lurt ned. Så lurt at det berre er til å hente ei øskje, og at i den øskja vil eg finne det eg ynskjer og pynte med.

Heilt feil, som vanleg har eg ikkje vore lur.Det er det same kvar januar. Når jula skal på loftet att, fyller eg berre øskjene utan å tenkje. System på tinga kan eg ikkje skryte på meg ser det ut for.

Pynten eg vil ha er i mange ulike øskjer!

Så her er det berre til å brette opp armane og leite, gjennom alle øskjene.

Dette året skal ikkje all pynten brukast heller, sidan vi reiser til Spania for å feire jul og nyttår.

Eg må difor tenkje nøye på kva som skal nyttast.

Ofte, når eg er ute og reiser, tykkjer eg det er morosamt å finne ny julepynt.De skal få sjå nærare på eit par av dei.

Julefisk frå Spania:

Skeisejente frå New York. 

Var ikkje dei skjønne?

Eg skal fortelje dykk ein løyndom. Eg likar ikkje småkaker. I desse dager er det vel nesten som å banne i kyrkja. I vekevis har eg vore  i Spania og  fulgt med på kva som skjer på Facebook. Eg har sett bilete og statusoppdateringer dagleg til driftige damer  her heime. Dei har baka mengder av kaker, i alle fasonger og størrelser. Her er julemenn, pepperkaker, konfektkaker, sandkaker, kokosmakroner, riskaker og anna godsaker. Mengder av kaker er produsert. Eg tykkjer dei er så flinke.

Kva har eg bakt?

Ingenting, eg likar ikkje småkaker.

Det hender eg slår til med å bake nokre konfektkaker, berre for å glede Knutsen.

I år har eg ikkje kome dit ——-  enno.

Til mitt forsvar, eg har baka før. Kvar jul, når ungane var små. Då var det koseleg å setje på julemusikk og bake julemenn. For ikkje å snakke om pepperkakehus, med mengder av  pynt på. Eg fekk brennmerke på fingrane kvar gong eg skulle  varme sukker til karamell. Ser eg nøye etter er det enno små arr . No er ingen av ungane heime, og då er det jo litt keisamt. Å bake åleine, meiner eg.

Dessutan,eg likar ikkje småkaker.

Kaker kan enno kome, dei plar ofte det, utan at eg har gjort noko. Eg har ei driftig mor som ofte kjem med fylte bokser. Då får vi småkaker likevel. Ho har det i blodet, det å bake, og i hennar auge er det fort gjort. Litt dumt berre, at desse flotte julekakene ikkje blir ete opp. Kakeboksane er nærast fulle i januar og. Det er ikkje bra meiner eg, fulle kakebokser i januar. Det er ikkje bra og hive kaker? Når ein jobbar som lærar kan ein ta dei med på jobb i januar. Lærarar elsker kaker og anna søte ting, dei kaster seg over alt som blir satt fram på bordet. Dette året jobbar eg  ikkje, kva skal eg gjere med kakene då? 

Difor blir det ikkje baking i år.

Kan hende eg blir inspirert til å lage noko snop, men småkakene hoppar eg over. Dette gjer eg sjølv om eg får dårleg samvit. Ein får jo det, dårleg samvit,når ein ser på og følgjer med alle dei andre driftige damene på Facebook. Då kjenner ein  at ein burde, burde. Eg  skal likevel stritte imot. Her blir det ikkje småkakebaking!

Eg har jo sagt at eg ikkje likar småkaker.

Men følg gjerne med vidare, det kan kome andre «julete» aktivitetar, ein veit aldri? 

 Diciembre es un mes nos divertimos en:)

Share This