Velg en side


Vi har traska rundt i London, både til høgre og venstre, og hit og dit.

Starta med å ta runden rundt Covent Garden. Må alltid innom mummmibutikken, vi blir nærast som barn att. Her er så mange koselege ting vi ikkje treng.

Tenk,vi var så heldig at vi møtte Mummitrollet til og med, lykke.

Julestemninga kom  snikande utover dagen. Iallefall då dottera slo ut håret med ein «hot chocolate» ved skeisebana ved Sumerset house. Flott juletre og julemusikk hjelp og på.  





Sumerset house er ein flott neo- klassisk bygning i hjartet av London, nede ved Themsen. Gjennom sommaren dansar 55 fontenar i bakgården, og om vinteren kan ein stå på skeiser her. I  huset har dei ulike konsertar og filmar, både ute og inne,ulike utstillingar og familieverkstad om ein ønskjer det.

Så fulgte vi elva eit stykke. Vi hadde bestemt oss for å sjekke ut Tate Modern. Det er eit stort galleri/museum som inneheld moderne kunst. Det er stort, så om ein vil kan ein traske i timar. Det hadde ikkje vi tid til, så vi valde ei utstilling som heitte The world goes pop. Dette var popkunst som synte korleis kunstnerar frå ulike kulturar og land såg verda på 60- og 70 talet. Her var temaene alt frå krig og menneskerettigheiter, skråblikk på sosiale ulikheiter, rolla til kvinna og seksuell liberalisering. Ein av kunstnerane var særs opptatt av kvinna sitt underliv, og andre smådeler av kroppen. Det er utruleg kva som kan kallast kunst, tenkte eg då vi såg nokre av bileta og installasjonane.

Kan vel ikkje heilt seia om eg tykte det var fint eller stygt, heller interessant.

Ved Tate Modern var det og julemarknad, her kunne ein handle heimelaga gåver og anna godsaker.

Rista «chestnuts» luktar så godt!

Noko vind på vegen dit, over brua gispa vi begge etter luft. Det var ei lukke når vi var over, og vi kunne vandre langs elva på veg mot målet. Det er mykje vi møter på etter vegen. Han her til dømes. Når han spela tuba kom det eld av han, tubaen altså. Kanskje tenkte han at det er no litt kjedeleg med tubamusikk, men når det kjem flygande eld or han, høyres alt mykje betre ut.

Her har ein henta seg sand. Han er særdeles glad i det.

Søndag ettermiddag, sjølvsagt klar for «afternoon tea».

Pynta og klar rusla vi til Ritz. Hotellet var pynta til jul,strålande flott.



 Vi kjende oss som celebriteter når vi benka oss rundt bordet. Her var sjampanje, te, sandwiches, scones og kaker meir enn vi kunne klare å ete. Juleteen smaka fortreffeleg, og når det kom ein kvartett som baud på ein liten klassisk julekonsert, sat vi der ganske så nøgde. Vi mangla berre Hugh Grant eller Benedict Cumberbatch, som dottera mi helst ville ha møtt.Hugh Grant er liksom litt meir «julete»  spør du meg.

Dette bør opplevast , sjølv om prisen er nokså stiv.

Etterpå gjekk turen til `The American bar` på Stafford hotell.

Her kom vi i kontakt med ein hyggjeleg bankfyr frå Canada . Vi kosa oss skikkeleg. Eg er ei enkel sjel, og når fyren lura på om eg var systera til dottera så var jo eg happy.

Det byrja og regne så vi heiv oss i ein taxi, kvelden var enno ung.

Turen gjekk til Kingsway hall hotell, til London comedy club. Er ikkje sikker på kva vi forespeilte oss, men ein engelsk standupkomikar hadde nok berre leigt seg ein liten sal, med plass til ca 30 personar, for å få halde show.

 
Ville det bli bomtur?

Var dette noko å sjå fram til?

 

Fyren var morosam han, vi lo den timen det varte . Dette på tross av at ein del av vitsane var så grove at dei ikkje egnar seg på trykk. Han spela mykje på oss som sat i salen. Ein av dei minst grove utsagna var at eg, for andre gong i mitt liv, er blitt kalla «milf, yeah» 🙂

Taxi heim til hotellet.

Dottera skremde nesten vatn av taxisjåføren. Ho ropar  STOP HERE, med skingrande stemme. Taxien bråbremsa. Skulle tru vi hadde vorte kidnappa? Det var vi ikkje,berre  ganske svoltne.

 I dag gjekk vi frå afternoontea på Ritz til MacDonalds for nattmat. Det er viktig med kontraster.

Fekk vi julestemning?
Jada, men også mange andre  hyggjelege inntrykk.


No skal vi nyte førjulstida heime.

Det er enno 23 dagar til jul;)🎄

Que tengas un buen pre – Navidad

Share This