Velg en side


På jakt etter jula i London?

Eg vil heller kalla det ei helg for mor – dotter «utblåsning».

Dottera tykkjer det er lenge sidan vi har gjort noko saman.

Ho er råklar for shopping og musikal.

Kjekt og travelt, og for folk som kjem frå grisgrendte strøk er det overveldande med så mykje folk.» Fy fastande»,det er folk overalt.Vi går i kø. Dottera meiner at folk går så seint,himla seint. Ho blir nesten gal.

Det er black weekend og snart jul.Kan hende det er sjokolade vi helst vil ha med heim i kofferten.Denne sjokoladen var iallefall flott å sjå på.

Regent street er stengt for bilar og proppa av familiefolk. Hamleys har opplegget klart om ein vil ta årets julebilete. Her er det berre til å velje tema, alt frå teikneserie- til filmheltar. Alle butikkane bugner av gode tilbud.Her får ein prosenter på det meste. Men det bugner og over av folk, så nokre gonger går vi berre inn og ut att.

Då er det viktig å ta gode og lange pauser, med god mat og drikke.

Vi har vore superkulturelle.

Fredag kveld høyrde vi musikalen Wicked. Musikalen handler om den onde heksa i trollmannen frå Oz,og livet hennar ,før Dorothy og hunden Toto fulgte «the yellow brick road».Morosam musikal med mange dyktige solistar.

Laurdag kveld var vi og høyrde Miss Saigon.Handlinga her er kjærleik mellom ein amerikansk soldat,under Vietnamkrigen,og ei jente frå Saigon.Musikalane var gode begge to,men personleg lika eg Miss Saigon best. Musikalen spelar på alle kjensler. Eg både lo og grein, og nokre av dei finaste balladene eg veit om finn ein i denne musikalen.

Etterpå lokka dottera meg opp i eit pariserhjul.

Eg er redd for høgder, så morosamt var det vel ikkje. Dottera mi lo så tårene trilla, ho var verkeleg ein tøffing når mora var ei «pingle». Ja,ja eg spratt nå fortare ut av vogna enn henne då turen var ferdig. Ho hadde stivna pga. ryggen.

Utsikta derimot, når eg våga å sjå, var bra.

Vi toppa heile kvelden med ein liten tur på pub. Det må til når ein er i London. Dottera drakk(likar det ikkje),i følgje min smak ei ganske ekkel øl.

Eg trudde at vitsen med øl var at det skulle smake øl,ikkje noko søtt med ingefærsmak?

 Attende på hotellet måtte vi leite etter baren,berre for å sjekke om dei hadde han.Det hadde dei, han var meir som ein privatklubb, stilig.

Her er døra:


Welcome:)

Ir de compras en Londres es divertido.

 

 

Share This