Velg en side

Spaniaoppholdet er over for denne gong,og det er på tide å setje nasen heimover til Noreg. Heim til julekos.

Dette er utsikt frå terrassen.

Knutsen og eg har verkeleg satsa. Vi har investert i golfutstyr, og med golfbana ein liten rusletur unna,ligg alt til rette for å trene.



Det er morosamt.

Har enno langt å gå før eg kan seie at eg kan det, men øving gjer meister. Eg ser no ut som ein ekte golfar, tykkjer eg.

Knusen har fått tatt seg ut på sykkel, åleine denne gong.
Han hadde mykje «gørr» i kroppen som han trengte å få ut. Då må kona finne noko anna å gjere.Det går ikkje an for vanlege folk å vere med Knutsen då. Han syklar som ein villmann både opp og ned bakkane, mil etter mil.

Då var det betre for damene og ta ein shoppingrunde med innlagte «cava -pitstop»,så var alle nøgde til kvelds;)


Vi har prøvd fleire «nye»restauranter,heile sju stykker. Moraira har mange å velje mellom.Så det har blitt mat frå mange land,blant anna denne koselige, med eige telt, som serverte mat frå Marokko.



Eg har bada og sola meg.

Det er utruleg at det framleis er over tjue grader i sjøen, ein kan berre stige ut og leggje på svøm. Deilig er det å liggje ute i sola med ei god bok.

Samtidig har eg fått lage mat heime, sett på Broen og anna seriar på tv. Ein må jo ha kvardager her og.Då fekk eg spøta ein matrosdress.

Turar rundt i nærområdet mitt har det blitt mange av, og det er jo så mykje enklare å tre på seg joggeskoa når vêret er bra.Kameraet eg fekk sjå Knutsen er alltid med, og eg er så nøgd med mange av bileta.

Kanskje må eg ha eit nytt prosjekt der eg nyttar nokre av bileta?

Keisamt har det i allefall ikkje vore,og eg tykkjer berre at tida spring avgårde.

Tenk snart jul!

Vi skal ned å feire jul her i Casa Knutsen,og juletre er klart.Det er alltid hyggjeleg å samle familien.

Noko dårleg samvit har eg, på grunn av spansken. Vi har vel snakka spansk, men ikkje hatt undervisning.Eg har visst hatt ein liten «spanskferie».No må vi skjerpe oss, så i januar har vi tinga privatlærar. Her må ein ha større framgang.

I helga blir det nye eventyr. Før eg endar på Sevland skal eg berre ein svipptur til London for å kjenne litt på julestemninga. Mor- dotter tur.Det skal bli koseleg. Vi har planer om musikal,»afternoontea» museumsvitjing og shopping.Satse på at alle gåvene då blir klare,og vi kan kome heim å nyte førjulstida.

Que era un buen noviembre.

Ahora estamos mirando adelante a la Navidad.

Share This