Vi er så heldig her i Spania at vi har boblebad i hagen. Det fulgte med huset,og sto oppe på takterrassen då vi kjøpte det. Vi har flytta det ned og vi brukar det heile året.Her er godt og varmt.Nøgd med det,sidan bassenget ikkje er oppvarma og blir kaldt om hausten og vinteren.
For ei lukke og glea å sitje med gode vener og nyte stjernehimmelen om kvelden. Eit anna høgdepunkt må vere då vi bada saman med ungane julaften, med nisseluer på.
Knutsen fann alså ut at han ville ha eit nytt boblebad. Det var på tide å fornye seg. Vi må ha eit som renser seg sjølv, er energisparande og som har både betre massasje og meir lys.
Sjølvsagt;)
Det morosame er at no heiter det ikkje boblebad,men spa.
Høyres mykje flottere ut det,ikkje sant?
Berre for å ha det sagt.Det er ikkje vi som kallar det spa, men forhandleren av dette flotte karet.
Så no har vi fått spa-avdeling i Casa Knutsen, fantastisk:
For at de ikkje skal tru vi er høge på pæra fordi vi har fått spa og ikkje boblebad,sjekka eg opp på Internett kva definisjonen på eit spa er.
Berre for å sjekke.
Slik at vi ikkje lurar nokon.
Har vi verkeleg eit SPA?
Spa kjem av det latinske ordet Salus per aqua som tyder ‘helse gjennom vatn’. (Det stemmer iallefall.)
Ser eg videre på kriteria er det vel noko vi kan jobbe vidare med, men forholda ligg til rette.
Høyr berre her:
1. Vatn, både kaldt og varmt.
Det har vi. Supert om ein og kan få massasje.
2. Spa-mat. Mykje frukt og grønt.
Ikkje noko problem,her nyttast jordbær,lime og sitroner på ein utmerka måte. Alkohol og koffeinholdige drikker er tillat. Ein skal oppmuntre gjestene til sunn livsstil,ikkje kome med forbud.
3. Trening som gir mental balanse.
Her er rom for å bli betre, men noko yoga på plenen skal gå fint.Meditasjonen kan ein ta i himmelsenga, det har hendt før.
4. Spa behandlinga skal vere avslappende og gi ny energi.
Berre det å vitje Spania gir oss ny energi.
Ser ein det,Casa Knutsen har spa og er nøgd med det;)
Ein skal visst nok kunne ha aromaterapi i boblebadet.
Allereie innvia med gode vener ein sein kveld. Stjernehimmelen var super,og vi kosa oss til langt på natt.
Og spa-avdelinga skuffa ikkje. Her var deilig og varmt,vi fekk god massasje og flott lys. Dette skal nok nyttast heftig utover vinteren.
Sjå den flotte månen.
El agua es bueno para el cuerpo:)