Fredag fekk eg ideen om å teste ut turstien mellom Moraira og Calpe.
Området vi bur i er ikkje slik vi fyrst tenkjer om Spania.Her er ikkje flatt og langstrakt med lange sandstrender.I området her er det kupert med små steinstrender og bukter,og det er frodig natur.
Turstien går heilt ved havet.I Spania er det ikkje lov å eige heilt nede i strandsona,ho skal vera ope for alle.
Vi har jo vore i Moraira mange gonger no,og vore på nokre av strendene,men ikkje tatt denne gåturen.
Turen er på ei lita mil,og eg hadde ikkje kontroll på alle desse små badeperlene.Det måtte berre sjekkast ut.
Og når temperaturen ligg rundt 24 grader er det deilig med ein rusletur.
Langs vegen har ein og satt opp skilt kor ein kan lese om floraen, bergarter,sjøliv og anna nyttig informasjon om området.
Eg traska i veg.
Formen kjendes bra,og eg var klar for ny viten.
Eg var tyrst på ny kunnskap om nærområdet.
Turen skuffa ikkje;)
Her var mykje fint å sjå,kameraet mitt gjekk varmt.
Her var mange små badeperler med svaberg og klårt vatn.
Eg fann små stader der ein kan kose seg utan mykje folk.
Her kan ein nyte roen og stillheita.
På nokre av desse små steinstrendene langs turvegen fann eg koselege barer og kafeer,så mat og drikke får ein nok av.
Om ein vil trene er det berre til å jogge i veg,her får ein teste forma i alle trappene opp og ned.Eller ein kan rusle frå bar til bar,og berre nyte vêret og utsikta.
Det er moglegheiter for alle.
På turen min no i november var det og ulike aktivitetar langs vegen.
Eg fekk oppleva ein fotoshoot,nokre nøgde menn som slappa av og fiska, ein som sanka skjell og ein som symde.
På nokre av de større strendene låg pensjonistane med avisene sine og kosa seg i sola.
Eg enda ned på ei av dei mange sandstrendene i Calpe.
Svolten som eg var, tilkalla eg Knutsen slik at vi kunne kose oss med lunsj. Då gjekk turen attende til Moraira 😉
Tuve un viaje maravilloso 🏖