Sidan vêret er så fint blir vi einige om å ta ein tur til stranda i byen, Playa Ampolla. Vi har jo høyrt at heime i Noreg regnar og bles det,og då må vi vel inrømme at det er ekstra koseleg.
Litt stygt,men sant.
Nede på stranda er det fint og varmt. Eg bader til og med, temperaturen i sjøen ligg rundt 21 grader. Det er fantastisk.
Her er det ikkje travelt,slik som om sommaren,men ein finn både folk som trener i sjøen og folk som rusler på stranda.
Det er og nokre som vi, menneskje som ligg og koser seg i sola.
Les og dormar litt.
Plutseleg høyrer vi ei sterk fløyte bak oss.
Vi rykkjer til, kva er det som skjer?
Det dukkar opp nokre politimenn. Dei fløyter og ropar til alle som er i sjøen.
Eg undrar, er det komen hai til Spania?
Det kjem ein politimann springande mot oss.
«De må rydde saman og kome dykk vekk frå stranda,»seier han bryskt på spansk. Utan at vi forstår alle orda skjønar vi at her gjeld det å kome seg unna.
«Alle må bort frå stranda. Det er ein tsunami på veg, og sjøen vil stige med over ein meter.»
KVA?
Ein tsunami!
«Ja,om ein time vil det kome ei stor bølgje.»
Vi pakker raskt samen og joggar vekk frå stranda.
Heim?
Neida,dette vil vi få med oss. Vi riggar solstolane fram oppe på ei platting. Det ser trygt og fint ut. Politimannen står og følgjer med, med walkietalkien i handa.
Spenninga stig.
Vi meiner heilt klart at sjøen verkar litt meir rufsete og bølgjene litt større.
Vi stirer utover horisonten.
Etter ein liten halvtime får politimannen ein telefon.
«Alt vel,tsunamifara er over.Det er berre til å bruke stranda att.»
Ein må vel innrømme at sjølv om det var bra, var vi og litt skuffa.
Trøsta får vere at i dag møtte vi den mest kjende laushunden i Moraira. Vi såg han,og om vi ønskjer det kan kommentere statusen til hunden på facebooksida til Moraira;)
No me gustan los perros;)