Eg skulle ønskje eg var hekta.
Hekta på å trene til eit maraton eller byggje muskler på eit treningssenter.
Det er eg ikkje.
Eg er meir som eit barn i trassalderen, eg strittar imot.
Kan dette jaget vere nødvendig?
Tull i grunn, for kven går det utover?
Meg sjølv.
Eg skulle ønskje eg var hekta.
På å ha eit sunt og godt kosthald.
Der det bugna over av grønnsaker og urter.
At eg ikkje lika kjøt og bacon, men berre åt fisk.
I stadenfor et eg det eg lyst på.
Er det bra?
Og den einaste det går ut over er meg sjølv.
Eg skulle ønskje at var hekta.
På nok søvn, som er bra for kroppen.
På kremar som gjer huden reinare og spenstigare, og alt det andre ein les ein bør.
I stadenfor brukar eg visst berre vatn.
Og den einaste det går ut over er meg sjølv.
Eg er hekta.
Eg er ein livsnytar.
Mottoet mitt er at eg vil berre ha det kjekt.
Er det så mykje forlangt då?
Her er smakebitar frå hager i Moraira.
Mykje fint å legge merke til på sundagstur;)
Kos!
Me gusta ir de excursión:)