Nokre lurer på kva som gjer at eg likar meg så godt i Spania.
Kva held eg på med?
Nokså det same som i Noreg vil eg tru,men ein del av dei vanlege aktivitetene skjer utandørs.
Eg elskar å vere ute!
Ein fin start på dagen er ein god frukost og nitimen på radioen. No har vi prøvd å vere her nesten alle månadane i løpet av eit år,og frukost har vi hatt ute på terassen kvar gong og alle dager. Eg lurer på om dei som har bygd dette huset har tenkt på korleis sola flytter seg i løpet av året. Om sommaren finn vi skugge ved bordet, om vinteren sol. Akkurat slik det bør vere.
Eg er glad i å finne godstolen ute med ei bok i handa. Å lese er fint,og her i Spania finn ein roen på ein annan måte.Det er berre til å finne seg ein god kopp kaffi og opne boka. Eg let meg rive med i gode forteljingar som spelar på heile registeret av kjensler. Eg ler,gret,ropar og kjefter.Å bli heilt utlada av ei god bok gjer noko med deg.
Eg er glad i å mosjonere i finværet. Då kan eg traske langt og lenge medan eg ser på alt det fine rundt meg, eller Knutsen og eg kan finne fram alt utstyret og sykle oss ein runde.Det er strevsomt,men bra på alle måtar.
Eg er glad for at eg ikkje treng stresse rundt og nå noko.Her kan eg sitje rett opp og ned og berre fundere over livet, eller tenkje på alt og ingenting,berre eksistere. Det kan godt hende at eg har eit strikkeprosjekt i fanget.
Eg er glad i å sitje og fundere over alt eg har tenkt å gjere.Det er ikkje sikkert at eg får byrja på noko i det heile tatt.Planar om måling,dansing, baking og det å bli betre i spansk.Så lengje ein har mange planer i hovudet,kjeder ein seg ikkje.
Eg er glad for at vi kan handle blomar til terrassen i november,det som til vanleg er den mørkaste månaden, og få vårkjensla.
Eg er glad for å lytte til stillheita som er her. Når mørkret senkjer seg, og det er heilt stillt. Det einaste ein høyrer er at vinden leer litt på palmeblada. Av og til kan vi høyre ein hund bjeffe i det fjerne.
Merkeleg i grunn, det er ikkje slik at vi bur ein plass åleine,her er hus på alle kanter.
For ikkje å snakke om den høge himmelen!
På vinteren heime er det rett før ein kjenn himmelen kome ned i hovudet, her her høgt og ope.
Om kvelden ofte stjerneklårt.
Eg likar meg best ute.
Det er ikkje det at eg treng jobbe eller trene.
Neida,eg berre nyt lufta, véret og ljoset.
Og eg tenkjer ofte på at eg er ganske så heldig som dette året kan gjere nett det eg vil.
Me gusta estar fuera:)