Ein vanleg dag i november,og det er tysdag.
Eg er så heldig!
Tenk at eg får flate ut i sola.
Vi kom til casa Knutsen, og Spania syner seg frå si beste side.24 grader,sol og ikkje vind. Fantastisk! Det er godt å leve.
Bassenget ligg der,og ser forlokkande ut. Ikkje heilt gale,19 grader,men det er forfriskande nok og kjøle ned føtene.
Tenk, på ein vanleg tysdag i november får vi lov til å kose oss ute i varmen.
Idag putler vi berre rundt huset. Knutsen likar godt å rydde rundt på tomta, ikkje veit eg alltid kva han finn på. Han klipper,soper og styrer i veg. Jobbar med dei heime i Noreg gjer han og. Øyreproppane kjem på,og han snakker og snakker,telefonen går varmt der han rusler rundt.Eg gjer andre ting,les og strikkar. Flater ut på solsenga,lat som eg kan vere.
Vi nyt nok vêret på veldig ulik måte.
Kos!
Her har det nokre smakebitar frå rusleturen min idag,den var kort, eg gjekk berre rundt huset. Eg finn frukt, urter, blomar og strå.
Chili og mynte. Det skal nok nyttast til noko godt:)
Morosamt å sjå naturen her etter alle haustbileta eg tok i Noreg.Her er sterke farger,så haust i Spania er annleis enn i Noreg.
Knutsen tør nok ikkje, men eg nynner gladeleg på songen til Strikk:
«God dag, god dag.
Dette her er metrologisk institutt,
Vi kan melde om at regnet nå tar slutt, nå blir det sol, sol, sol…»
Éstos son el sol y el verano.