Velg en side


Sidan vi var i Oslo med slogmåkane fredag,passa det fint å ta helga der.Då fekk vi kos med folka og Slogmåkane hadde gateopptreden,midt på Karl Johan,til alle forbipasserande si store glea.

Ein koseleg og annleis 70-årsdag fekk vi og delta i på laurdag. Kvelden starta med konsert i Nordberg kyrkje,variert og spanande.Her var alt.Operasong,trompet og orgel,diktlesing,Finn Kalvik og framsyning av kunst og bilete.

Etterpå god mat og kos i kyrkjestova.

Godt med gjester,over hundre faktisk,og bra stemning.

Kjærleiken i sentrum:)

Knutsen og eg er gode til å få timane til å gå,og når sola kjem fram er det hyggjelig å rusle rundt i hovudstaden.Han har mykje å syne fram.Her møter vi folk frå heile verda,og det er mange stader å gå.

Vi tenkte vi måtte vitje eit museum og traska i veg til Munch-muséet,men kva trur du?Vi kom fram fem minutt for seint! Vi prøvde iallefall.

Då tok vi turen gjennom den botaniske hagen,og traska oss nedover til Grunerløkka.

Koseleg område,her fann vi god mat og drikke.

I Oslo er det mogleg å traske gater opp og gater ned.Her finn ein mange gode motiv og kamera går nesten varmt.Og eg med dei nye brillene! Eg er nokså nyfiken av meg,og hovudet virrar rundt i ring og til alle kanter.Eg blir svimmel! For når du har fått progressive briller skal ein helst glo ned på vegen ellers mistar ein fokus.Så om du ser middelaldrande menneskje som ser ned i bakken,så er dei ikkje deprimerte,dei har kun fått seg nye briller.

 

Medan vi går nynner vi litt,songen «Ein tur rundt i byen» passer vel bra.
Godt inspirert av Finn Kalvik vi høyrde syngje kvelden før:

Ref:

«Så fortell ikke meg at du er ensom,

og at solskinn aldri når frem til deg.

Kom ta min hånd og bli med meg

på en tur rundt i byen,

så vil du snart forstå at

du tar fullstendig feil.»

Om kvelden kosa vi oss på Dinner,god mat.

Til saman traska vi vel to mil,og trøytte vart vi.Tidleg i seng.

Utsikta frå hotellrommet.

No reiser vi «heim» til Moraira.

Her skal vi nyte vêret,roa oss ned og kose oss i nokre veker.Satse óg på spanskundervisning, golf,sykling, strikking,måling,dansekurs og anna kos.

Kan hende eg til og med får flate ut på solsenga?


Spania next.
 
Nos gusta pasear por la ciudad.

Share This