Velg en side

På tur til Oslo, på ein fredag .

Her er vi samla,ein del kule damer som elskar rosa ? Vi skal kose oss og ete godt idag, for i kveld har vi ein viktig jobb å gjere .

Vi skal støtte Shantykoret, Slogmåkane.

Vi samlast og er klare, alle «tednene». For å roe nervene går vi ein runde på byen. Vi slapper av med noko godt i glaset. Vi kjenner sommarfuglar og anna uroe i magen, endå vi ikkje skal prestere på noko scene. Vi skal berre hoie.

Det blir ein god og kraftig lunsj på Aker bryggja. Folk er nøgde og klare til å dra. Stemninga er stor og t-skjortene flotte. Av gårde i taxi til Lørenskog kulturhus.

 

Alt vi får vere med på. Livesending på tv2, Norske Talenter. Vi skal vere i salen og heie på Slogmåkane, Noregs feitaste boyband. Dei er komen til semifinale. Fansen er med! Det er både dei rosa «tednene» og «guttaboys» frå Skudenes. Det er jo dei kulaste. Vi har fått beskjed om å hive pedagogikken over bord. Vi skal vere ville og entusiastiske, aller helst skal det vera ein form for beatlemania: hyling og gråting på høgt støynivå . Vi skal  reise oss opp, klappe, danse og syngje med,» lalalala » ..for Paddy Murphy.

Slogmåkane leverte!

Dei var flinke og alle var superstolte;)
Veldig gode tilbakemeldingar, og Bjarne Brøndbo har allereie tinga dei til gravferda si.

Stemninga steig i pausen. Kven går vidare?

Og korleis gjekk det?

FINALE!

Share This