Like grått og trist vêr,men haustfargane er flotte.
I dag har eg vore på byvandring i Horten. Må jo sjekke ut kva byen har og by på. Eg ruslar nedover frå Kongevegen og ned til sentrum.Det er ein tur som tar ca.25 minutt.Eg går i mine eigne tankar. Her er mykje fint. Vi kan finne skilt, hus, natur og anna.
Den kreative innstillinga på kamera har eg allereie blitt forelska i. Det blir så mange tøffe bilete.
Kanskje fotograf er det neste yrket mitt?
Eg knipse og knipse. Morosamt når eg er på torget. Der ligg ein robåt med fine haustblomar. Eg still meg opp for å finne rette vinkelen til bilete.Brått bremser ein liten lastebil opp. Ut hoppar ein fin ung mann i gul kjeledress.Vent litt! Han hoppar opp i båten og rettar opp nokre pinnar slik at alle blomane står rett. Det må vere perfekt,seier han.
Flotte greier, ny vinkel og nytt bilete.
Horten er kjend for marinen, og matrosen som skuer utover havet,ved rådhuset må med.
Ein annan viktig person er Oscar Wisting.
Veit det kven han er?
Han var med på polarskuta Fram saman med Roald Amundsen.
Eg skulle berre nyte hausten, men Horten har mange fine butikkar og eg let meg sjølvsagt friste. Det er jo snart jul, og alle treng vel ein ny dress? For ei flott skjorte, den må eg berre ha! Treng eg noko, neida, men det er viktig å halde flyten. Nokre menneske har sagt at i desse nedgangstider er det viktig å halde kjøpekrafta oppe.
Kafévitjing må til etter å ha fått posar fulle i klede.Mat må ein ha;)
Eg ruslar videre,hovudet sving både til høgre og venstre,her er mykje å sjå.
Her finn ein noko for ein kvar smak. Dei er internasjonale, med restauranter frå mange land, Kina, Italia, England og Tyrkia. Her er det berre til å velje og vrake. Til og med eit microbryggjeri. Her er nokre smakebitar:
På vegen heim tar eg nokre stikkvegar her og der.Eg tenkjer på at eg nok skal vere flinkare til å vitje systera mi.Horten har mykje å by på, og eg hadde nettopp byrja å finne ut av han.
Me gusta tomar fotos:)