Ut på tur att.
Det er like vanskeleg og like morosamt å pakke kofferten.
Korleis blir vêret?
Korleis vil eg kle meg,fint eller tøft?
Treng eg høge,låge,jogge- eller gullsko?
Vil eg ha med kjole eller skjørt.
Kor mange truser treng eg?
Skjorte eller genser?
Jakke da,lang eller kort?
Pluss alt det andre ein vil ha med på tur:toalettsaker,bok,headsett,lader mm.
Denne gongen skal eg til Horten å vitje storesystera mi.Før,når ungane var små,var eg litt flinkare å dra på tur dit,men no? Ikkje like ofte,tida fyk ifrå oss,det er så mange reiser å velje mellom.
Det passa bra å ta turen no,sidan eg likevel skal til Oslo i helga.Då får eg nytte både fly og tog. Eg tar sjeldan tog,men NSB har stadige reklamer på kor behageleg og kjekt det er.Toget var ein god plass å lese,endeleg fekk eg starta på boka,Kledd naken.
Horten er ein koseleg by i Vestfold,og eg får nytte det nye kameraet mitt.Normalt er det finare vêr her enn heime på Vestlandet,men no var det lågt skydekke,veldig lågt.Det gav oss ei trolsk stemning ute.
Storesystera mi har fri på onsdager,så her blei det moglegheit for skravling,kos og hyggje.
Mor mi er her òg.Ho er meir som ei lita hushjelp.Ho sørger for god norsk gardsmat til middag, kjøtsuppe med løksaus.Ho baker boller og eplekaker.Ho stryk dukar og strikk babyklede.Inn i mellom tek ho seg ein kvil på sofaen.
Vi køyrde ut til Stokke i Vestfold,der tante og onkel har flytta.Dei hadde kjøpt seg eit flott murhus i eit «grissgrent» område.Store marker og opne landskap.Tante meiner ho lev i «sirkel». Fødd og oppvaksen på Stokka,pensjonist i Stokke.
Her skal dei nyte dei siste 3000 dagane av livet, seier ho.
Saman i pakt med naturen,den elektriske sykkelen og det opne jordbrukslandskapet.Dei skal studera språk som islandsk og fransk saman.Dei skal kose seg inne og ute,til dømes ta seg eit boblebad under stjernehimmelen.
Skikkeleg koseleg stad:)
Her fekk vi super lunsj.
Kreolsk gryterett med reker,geiteostar og mykje anna god knask,samt te med heimetørka mynte.
Alle var einige om at det var ein koseleg føremiddag.
La comida y la bebida,debemos tener.Para conocer a la familia es buena.