Eg har fått meg kamera!
Knutsen kom heim her ein dag med gåve til meg,fordi eg fortener det?
Til no har eg tatt bilete med mobilen.Det var nokon som meinte at det ikkje var godt nok sidan eg er byrja og blogge.Her burde bileta bli betre.Eg tykkjer eg har fått tatt nokre god bilete eg då, men no skal det bli andre boller.
Det er morosamt å ta bilete når ein bestemmer seg for det.
Knutsen er ikke så sikker på det.Han meiner eg ikkje likar det,sidan han i mange år har gått rundt og dokumentert all aktivitet til familien.Han har til og med måtte ty til selfies for å dokumentera at han sjølv har vore tilstades.
Det er no ikkje det då at eg ikkje likar å ta bilete,men eg er berre ikkje så glad i dei oppstilte bileta.Det er eg dårlig til.Sikkert for at eg aldri er nøgd med meg sjølv på bileta.Eg ser betre ut»live»innbillar eg meg.
Sjå hit no,smil,vi feirar 17.mai.
Happy birthday to you,smil,det er fødselsdagen din.Vis fram gåva.
Smil,det er jul,stå fint saman foran juletre.
Smil,vi kosar oss no,på ski.
Om nokon ser på bileta våre etter vi har forsvunnen,trur dei vi stort sett har feira eller vore på ferie.
Misforstå meg rett,det er likevel morosamt med alle desse bileta etterpå,og heldigvis har Knutsen tatt den fotojobben seriøst.
Det skal endre seg no,eg har fått kamera:)
Eg er glad i å ta bilete av blomar,små detaljer,hus og anna.Bilete av alt og ingenting.Med tida skal eg nok ta bilete av menneske óg.
Iallfall,eg må starte med å lære og bruke kamera.
Eg laster ned handboka,200 sider?
Det er strevsamt å lese bruksanvisning. Aller helst vil eg berre kunne det,men eg starter med friskt mot.Knutsen har mykje større tolmod enn meg.Han set seg berre ned og les,og vips(etter eit par timar)har han ordna det slik at bileta kjem,utan kabel,rett frå kamera og inn på Ipaden.
Makalaust!
Etter 50 – 60 sider med opplæring treng eg ein pause.
Det må bli ein hausttur.Ut går eg med det nye kamera i handa.Eg kan då prøve og finne nokre fine motiv.
Her er nokre av bileta:
Dykk ser at eg har lært meg litt med kamera?
Me gusta tomar fotos.